Bildegalleri
Border Collie Gjetarhundkvalpar
Beskrivelse av varen
Velavla gjetarhundkvalpar av topp avstamning selgast. Av totalt sju kvalpar er det no kun EI tispe igjen til salgs. Klassisk svart/kvit med medium pelslengd.
Kvalpane er leveringsklare 13. mai.
Mor er Jet ISDS 290392, importert frå Derek Scrimgeour i 2010.
Jet er ei stilfull tispe med god balanse. Ho er svært styrbar og sterk nok til å flytte tung sau. Svært godt temperament. Ho er HD-røntga fri A og augelyst fri. Deltok både på NM i bruk av gjetarhund og i Norgesserien 2011. Ho har Whiterose Kep til Stuart Davidson, Pip til Tim Flood og Wisp til Bobby Dalziel relativt langt framme i stamtavla.
Far er Spot ISDS272008, til den kjende gjetarhundføraren Kevin Evans frå Wales.
Spot er HD-røntga i Wales - 25/150 - Same som B i Norge.
Spot er DNA testa NORMAL - Han vil aldri utvikle CEA/CH
Spot er kullbror til Kevin's Int. Supreme Champion Mirk.
Dei har begge David Evan's Jaff til far og mor er Kemi Gypsy.
Spot er ein sterk korthåra hund med godt temperament.
Spot har vunne fleire opne prøver i UK!
Nokre av dei større prøvene han har vunne er;
* the Main Ring Open at Royal Welsh 2009 and 2010.
* the Llandewi Brefi centenary South Wales style trial 2009.
* the North Wales Open Championship double lift final 2009.
* the Selatyntrial double lift final 2007.
* Spot vart nr. 10 i World Trial Finalen 2008 og nr. 11 i Welsh National 2010
Du kan finne meir info om Kevin Evans's Spot på http://www.peze.com/evansdogs/ og på http://tika.no
Kvalpane er no fem veker, så no har dei vore ute på tur både med bil og ute på plenen. Det er no mykje meir leiking m.m. Aktive typer.
Dei veks opp inne i hus saman med folk og vil bli godt sosialiserte. I pregingsfasen fram til åtte veker vil dei bli handtert og eksponert for det dei vil møte i sine nyeheimar for å bli trygge og tillitsfulle hundar. Eigen CD-med lydar med alt frå brassband til fly.
Kvalpane leverast vaksinert, ID-merka, med helseattest og registrert i NKK.
Vi kan seinare hjelpe til med å sette i gang hunden på gjeting av sau.
Bedrift uten avtale
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 3.5.2012, 10:44 ・ FINN-kode: 34121843