Bildegalleri
Flotte einebustadtomtar sentralt i Naustdal utan byggjeklausul - 3 selde
Øvre Grimsethmarka, 6817 NaustdalNøkkelinfo
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Adkomst
Frå Førde svingar ein inn ved nyebrua i Naustdal, og føl Øyravegen til ein kan svinge til høgre opp Helgåsvegen. Følg denne til topps i feltet, so ligg tomtane til venstre. Tomteområdet er godt skilta.
Ta kontakt for visning.
Beliggenhet
Flotte tomtar med noko attåt som grensar inn mot det vel etablerte byggefeltet Stavdalen i Naustdal. Tomtane er frå 624 m2 og heilt opp i 1.735 m2, so her er det noko for dei fleste behov. Tomt nr 2, tomt nr 9 og tomt nr 17 er selde.
Trykk på "Boligvisning" knappane under bileta for å sjå film av bustadprosjektet eller den flotte Naustdalsfilmen laga av Frode Fimland. Som tomtekjøpar vil ein i ein tidsperiode få ta del i gardsbruket vårt sin lakserett i Nausta - ei av dei beste lakseelvane i Norge. Om dette ikkje er av interesse kan ein få hogge sin eigen ved i Grimsethmarka eller disponere ein parsellhage der ein kan dyrke sine eigne grønnsaker, poteter eller bær. Alt innenfor ein kort og fin spasertur i skogen... Tomtane vert liggande som inngangen til Grimsethmarka, og feltet er omkransa av flott natur som innbyr til turar både sommar og vinter. Det er mykje bær i marka, og eit spennande dyreliv.
Naustdal ligg godt plassert på vekstaksen mellom Førde og Florø, og her får du med deg det meste av det beste. Kort avstand til attraktive arbeidsplassar, godt og trygt bumiljø, og ein storslagen natur med snøkledde fjelltoppar, Førdefjorden, den lakserike elva Nausta og ei flott opparbeida badestrand. Naustdal har fått to nye barnehagar dei siste åra, og det pågår i desse dagar ei storstilt utbygging av barne og ungdomsskule.
Tambarskjelvar IL har eit mangfaldig tilbod, og Naustdalshallen og den flotte kunstgrasbana er i bruk både seint og tidleg. Det er også bygd ny stor vektløftarhall på området mellom skulen, idrettshallen og idrettsbana.
Beskaffenhet
Tomtane kjøpast direkte frå grunneigar utan byggjeklausul. Feltet er kommunalt godkjent, og vi jobbar mot oppstart hausten 2016.
Asfaltert veg med gatelys og VA anlegg fram til tomtegrensa er med i prisen, og tomtane vert selde utan byggeklausul - du bestemmer sjølv når du vil byggje og kven som skal bygge huset ditt.
Ser fram til å høyre ifrå dykk!
Regulering
Nyttige lenker
Beliggenhet
Annonseinformasjon
FINN-kode | 66824990 |
---|---|
Sist endret | 12. jan. 2017 22:08 |
Referanse | Grimsethmarka |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.