Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Vestre Gausdal - Solrikt og fredeleg i Vestre Gausdal

Kart med kartnålSkinnarvolden, 2653 Vestre Gausdal
Prisantydning2 200 000 kr
Verditakst
1 950 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?

Nøkkelinfo

Boligtype
Gårdsbruk/Småbruk
Eieform
Eier (Selveier)
Primærrom
159 m²
Bruksareal
231 m²
Byggeår
1927
Renovert år
2005
Tomteareal
18 336 m² (eiet)
Bruttoareal
245 m²

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Innhold

VÅNINGSHUSET
er bygd på 1920-talet, og har vorte restaurert, om- og påbygd over dei siste åtte åra.

I 1. høgda finn ein eit vindfang, eit romsleg kjøken, bad med vaskerom, ein ljos gang med trapp til 2. høgda, og ei stue. I tilknyting til badet er det eit rom som i dag vert nytta til tørkerom, dette kan byggjast om til badstue. På kjøkenet har ein eit spiskammers som kan lagast om til kjølerom. Frå kjøkenet går det dør ut til verandaen og vidare til hagen. Verandaen vender mot sørvest og mot elva, der kveldssola lyser lenge.

I 2. høgda er det tre soverom og ei loftsstue. Det minste soveromet har dør ut til ein balkong som vender mot hagen. Heile huset ber preg av ein ljos, luftig og naturleg landstil.

Golva i vindfanget og på badet har fliser, elles er det slipte og olja tregolv. Veggjene i alle rom har måla trepanel, på kjøkenet er det brystningspanel. Himlingane har måla panel.

GJESTEHUSET
er også frå 1920-talet, og har dei siste to åra vorte restaurert heilt frå grunnen av, med nytt tak, ny utvendig og innvendig panel, isolasjon og innlagt straum. Gjestehuset har eit ljost og romantisk interiør, vedkomfyr og himmelseng, og ber preg av nostalgi og landleg sjarm.

I same bygning er det ein romsleg vedskåle og ei lita bu med rom for hagereiskap og anna.

GARASJEN
vart bygd i 2004 og har rom for ein bil. Her er det også høvelbenk og verkstadbenk.

STALLEN er bygd opp att med nytt tak, reisverk og panel, i tillegg til at straum er lagd inn og vassleidning er kopla til brønnen.
Stallen er såleis klargjort for enkelt husdyrhald, og både utforminga innvendig og den overbygde plassen framføre bygninga er som skapte for hestehald. Det vil vere rom for to hestar i tillegg til fôr, strø og anna utstyr.
Saman med hamninga som ligg tett ved husa, er såleis alt tilrettelagt for eit triveleg og praktisk hestehald.


Standard

Oppvarming

Gangen, stua og eitt soverom har kvar sin vedomn, og desse står for ein stor del av oppvarminga vinterstid. I tillegg er det elektrisk oppvarming. Badet og vindfanget har varme-
kablar i golva.
Det er eigen vedskog på bruket, og det fylgjer med ein del ved på kjøpet.

Beliggenhet

Småbruket ligg rett nord for Forset i Vestre Gausdal, ein halvtimes køyring frå Lillehammer, og snaue tre timars køyring frå Oslo.

Det tek berre eit kvarter å gå til Forset, der ein finn butikk, barnehage, barne- og ungdomsskule, lækjarsenter, frisør, bensinstasjon og anna.

I nærleiken av småbruket finn du ljosløype for ski og gode turstiar. Gausdal Vestfjell strekkjer seg ned mot dalføret der småbruket ligg, og her kan ein såleis drive eit aktivt og mangfaldig friluftsliv, inkludert jakt og fiske.

Adkomst

Frå Lillehammer køyr RV 255 mot Gausdal og fylgj denne til Segalstad Bru. Her tek du til venstre mot Espedalen og fylgjer vegen mot Vestre Gausdal. På Forset køyrer du forbi Vestre Gausdal Handelsforening, og kjem etter snaue to kilometer til ei 80-sone og ei rett vegstrekning. I enden av denne vil du sjå eit postkassestativ til høgre, og til venstre ein stikkveg; her ligg Skinnarvolden, heilt for seg sjølv nede ved elva.

Tomten

Skinnarvolden ligg for seg sjølv, med dyrka mark og blandingsskog omkring.

Eigedomen er på i alt ca 19 daa, der 10 daa er dyrka og resten er hamning/beitemark. Eigedomen er tilknytt hovudvegen (RV 255) med grusveg.
Hamning med vedskog og mogleik for hestebeite.
Hagen er planta til med frukttre, bærbuskar, prydvekstar og anna, og her finn du den vedfyrte badestampen.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode17555198
Sist endret07. juni 2009 13:27
Referanse50309096

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.