Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Stor bustadeigedom med strandlinje i idylliske Bulandet.

Kart med kartnålBulandet, 6987 Bulandet
Prisantydning1 050 000 kr
Kommunale avg.
9 356 kr per år
Formuesverdi
209 356 kr
Verditakst
1 050 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Primærrom
115 m²
Bruksareal
120 m²
Byggeår
1920
Tomteareal
11 256 m² (eiet)
Bruttoareal
132 m²

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Bulandet
6987 Bulandet

Ein større bustadeigedom som er fordelt på to teigar, i tillegg til tre små skjær som ligg like aust for den største teigen. Riksvegen går over eigedommen vidare vestover i øygruppa.

Lokalitet

Eigedommen ligg fint til på ei lita øy, Vadøy/Kråka, nesten ytterst i øygruppa Bulandet.
Bulandet er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er omlag 300 øyar, holmar og skjær i Bulandet. Det bur folk på omlag 15 av desse.
Bulandet er ein populær stad for rekreasjon og fritid. Her er eit aktivt nærmiljø og grendelag.
Barnehage og skule ligg med kort avstand frå eigedommen. Daglegvarebutikk både i Bulandet og ved ferjekaia i Værlandet.

Innhald

På eigedommen står det eit bustadhus av eldre standard, eit eldre anneks og ei eldre løe.
Bygningane treng rehabilitering for å kunne nyttast som bustad.
Bygningane er kopla frå straumnettet.
På den eine teigen var det tidlegare eit naust. Dette er no fjærna på grunn av at det var i dårleg forfatning.

Bustadhuset inneheld:
Hovudetasje: To stover, kjøkken, vaskerom, wc, gang og vindfang.
Loft: Tre soverom, kontor og gang.

Annekset inneheld:
Hovudetasje: Stove, kjøkken, bad og gang.
Loft: To soverom og gang.

Løa: Høystål, loft, bod og utedo. Bygningen vert nytta som lager.

Bua som står nede ved sjøen på sørvest sida av eigedommen høyrer ikkje til eigedommen.
Det ligg ein privat avtale mellom seljar av eigedommen og eigaren av bua, der grunneigar gir rett til å ha bua/sjøhuset ståande på eigedommen.
Kaia i front av denne høyrer til eigaren av bua.
Eigaren av bua kan og nytte vegen ned som tilkomst.
Denne avtalen vert ført vidare ved sal av eigedommen.

Standard

Bygningane er av eldre standard og treng omfattande rehabilitering.

Bustadhuset er oppført på 1920 talet og tilbygt på 1970-talet.
Innvendige veggar har tapet, tynnfiner, og måla overflater på underlag av trefiberplater.
I himlingane er det måla trefiberplater, panel og foliebelagde trefiberplater.
På golva er det furubord, laminat og belegg.
I kjøkkenet er det eldre innreiing med frontar av finer, laminat benkeplate og stål oppvaskkum.
Badet er innreia med baderomsinnreiing, dusj, varmtrvannsberedar og opplegg for vaskemaskin.

Annekset vart oppført på 1970 talet.
Bygningen er oppført på ringmur/grunnmur utan ventilering. Ytterveggan over grunnmuren er truleg oppført i bindingsverk med bordkledning av trepanel. Plassbygd takkonstruksjon med taktekking av behandla stålplater og undertak av rupanel. Overbygg over inngangspartiet har taktekking av behandla stålplater.Vindauga har 1-lags gals og 2-lags glas i karm av tre. Vindauga er frå byggjeår, frå 1991 og eit vindauge som er skifta i nyare tid.
På loftet er det plassbygde dørar.
Sikringsskåp med automatsikringar. Tilførselskabel frå bustadhuset. Vassrøyr av kopar og avløpsrøyr av plast.
Takhøgda på loftet er ca 2m, i første etasje er takhøgda ca 2,05m.
Golva har måla furugolv og belegg.
Veggane har panel og måla trefiberplater.
I himlingane er det panel og måla trefiberplater. I stova er det synlige bjelkar i taket.
Kjøkkenet har innreiing av eldre dato.
Badet har belegg på golvet og baderomsplater på veggane. Det er innreia med servant, vegghengt varmvannsberedar, dusj og toalett.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bustadhuset er oppført på ringmur i betong utan ventilering på hovuddelen. På tilbygd del frå 1970-talet er det ventilering i forkant.
Ytterveggane for hovuddelen er oppført i tømmerplank med utvendig påforing og kledning av trepanel, stålplater og eternittplater. Etasjeskiljet er av trebjelkelag. På tilbygd del har bjelkelaget ei provisorisk understøtte.
Palssbygd takkonstruksjon som er oppbygd med saltakform, er tekt med lappskifer og eternittplater på undertak av rupanel. På tilbygd inngangsparti er det taktekking av papp. I takkonstruksjon er det aust- og vestvendt arkutbygg. Over tilbygd del er det takterrasse med tekking av glasfiber på underlag av rupanel. Det er større lekkasje glasfibertekkinga som har ført til omfattande skader. Viiser til informasjon i takst vedlagt salsoppgåve.
Vindauga har 1-lags glas og kopla vindauge frå byggjeår. Andre vingauge har 2-lags glas i trekarm frå 1970, 1977 og nokre vindauge av nyare dato.

Annekset er oppført på ringmur/grunnmur utan ventilering. Ytterveggan over grunnmuren er truleg oppført i bindingsverk med bordkledning av trepanel. Plassbygd takkonstruksjon med taktekking av behandla stålplater og undertak av rupanel. Overbygg over inngangspartiet har taktekking av behandla stålplater.Vindauga har 1-lags gals og 2-lags glas i karm av tre. Vindauga er frå byggjeår, frå 1991 og eit vindauge som er skifta i nyare tid.
På loftet er det plassbygde dørar.
Sikringsskåp med automatsikringar. Tilførselskabel frå bustadhuset. Vassrøyr av kopar og avløpsrøyr av plast.
Takhøgda på loftet er ca 2m, i første etasje er takhøgda ca 2,05m.

Løa/driftsbygning:
Vi kjenner ikkje byggjeåret til denne.
Bygningen er oppført på Ringmur/grunnmur i betong.
Ytterveggane er oppført i tradisjonelt grindverk og ein del er oppført i lagta tømmerkonstruksjon. Fasaden har bordkledning av trepanel. På mindre del av fasaden er bordkledninga skifta. Takkonstruksjonen er plassbygd med taktekking av lappskifer og undertak av rupanel.
Vindauga har 1-lags glas i trekarm frå byggjeår. Plassbygd port av nyare dato.
Det er gjødselkjellar i deler av bygningen. Det er lagt golvbord i bygningen. Over delen som er oppført av lafta tømmerkonstruksjon er det loft.
Trapp ved inngangspartiet.
Det er ikkje innlagt straum i bygningen.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 29.06.2015.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 115 kvm, Bruksareal: 120 kvm, Bruttoareal: 132 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod og kott

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 74 m2
2.Etasje: 46 m2

Anneks:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 30 m2
2.Etasje: 14 m2

Driftsbygning:
BRA: 37 m2.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Ein kan parkere på asfaltert parkeringsplass på eigedommen.

Tomt

Areal: 11 256, Eierform: Eiet tomt
Eigedommen ligg på begge sider av hovudvegen, og har strandlinje i nesten alle tomtegrenser og i alle himmelretningar.
Her er kupert terreng, og for det meste naturleg vegetasjon med fjell og skog på eigedommen.
Den største teigen har gruslagde tilkomstvegar, gruslagt nausttomt med natursteinsmur, planta skog og kai av naturstein med gruslagt dekke. Her er og tilkomstveg til naboeigedommane.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedommen ligg i LNF-område med spreidd bustad og ervervsbebyggelse. Dette blir vidareført i framlegg til ny arealdelplan iflg. opplysingar frå Askvoll kommune.
Området har spreidd bebyggelse.

Veg, vatn, avløp

Eigedommen er knytt til kommunal vasstilførsel med privat stikkleidning.
Avløp er ikkje knytta til offentleg avløp, men går direkte i sjø.

Tilkomst

Lett tilkomst frå hovudvegen.
Frå Askvoll, og Fure ferjekaiar tek ein ferje til Værlandet, nyttar bil eller sykkel vidare ut til eigedommen i retning Halsøy .
Ein brukar ca. 15 minutt frå ferjekaien i Værlandet ut til eigedommen.
Ein kjem og til eigedommen med eigen båt.

Oppvarming

Skorstein i begge husa, men det er ikkje montert vedomn.
Straumen er fråkopla bygningane.

Kommunale avgifter

Kr. 9 356 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som sekundærbustad kr. 492 236,- pr. 31.12.2014.

Ferdigattest

Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune.

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Ein må ved kjøp av eigedommar med eit areal over to mål, fylle ut eigenerklæring om konsesjonsfritak ved kjøp. Dette skal følgje skøyte til tinglysing. Meklar tek seg av dette.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode61752628
Sist endret12. sep. 2015 11:30
Referanse2150146

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.