Utløpt

Juridisk rådgivar i rådmannen sin stab

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Juridisk rådgivar
Frist
15.03.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Osterøy kommune


Kort om stillinga
Osterøy kommune søkjer etter rådgjevar med juridisk kompetanse til Rådmannen sin stab i 1 års vikariat med mulighet til forlenging.
I stillinga vil du særskilt arbeida med utarbeiding av kontraktar, eigedomsforvaltning, juridisk rådgjeving og saksbehandling.

Du som vert tilsett, vil få ei svært sjølvstendig stilling der det er naudsynt med solid kompetanse innan fagfeltet. Stillinga
rapporterer direkte til rådmann

 

Arbeidsoppgåver
Generell sakshandsaming
Rådgjeving og rettleiing av tenesteområder og rådmannsgruppa i juridiske spørsmål
Utarbeiding av kontraktar og avtalar
Førebu enkeltsaker til politisk handsaming
Vera eit sentralt og synleg medlem av Rådmannen sin stab, bidra til å utvikla Osterøy kommune som heilheit
Eigedomsforvaltning

 

Vi søkjer
Ønskjeleg med Cand. Jur eller master i rettsvitenskap
Erfaring frå tilsvarande arbeid

Personlege eigenskapar:

Du gjennomfører prosessar i tett dialog med kommunen sine verksemder. Vi vektlegg difor gode kommunikasjons- og
samarbeidseigenskaper.
Du evner å vera tydeleg i tilbakemeldingane dine.
Du er løysingsorientert, har høg arbeidskapasitet og har auge for detaljar.
Du arbeider selvstendig og er sjølvgåande
Du snakkar og skriv godt på norsk
Du må kunna identifisera deg med organisasjonen sine verdiar; respekt, omsorg, tydeleg og ærleg.

 

Vi tilbyr

Vikariat i 100 % stilling som rådgjevar eller spesialrådgjevar avhenging av kompetanse
Ei sjølvstendig stilling med moglegheit for mykje ansvar
Interessante arbeidsoppgåver og eit triveleg tverrfagleg arbeidsmiljø med viktige og spennande oppgåver
Fleksibel arbeidstid
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter avtale
Osterøy kommune er ei IA-bedrift

 

Søknad

Spørsmål til stillinga kan rettast til rådmann Jostein Førre tlf.
56192116/94534444

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta
kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
5282 Lonevåg
Bransje
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Førre
Telefon
56 19 21 61
Følg firma
173 følger dette firmaet

5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 91676528
Sist endret 1. mar. 2017 08:21

Rapporter annonse