Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Særs fin arkitektteikna bustad med garasje

Kart med kartnålFuruhaugane 25, 6907 Florø
Prisantydning4 300 000 kr
Kommunale avg.
27 813 kr per år
Formuesverdi
863 418 kr
Verditakst
4 300 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
6
Primærrom
265 m²
Bruksareal
286 m²
Byggeår
1986
Energimerking
D - Oransje
Tomt
Eiet
Bruttoareal
315 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Furuhaugane 25
6907 Florø

Lokalitet

Eigedomen ligg lunt og solrikt til på Furuhaugane ca. 2 km frå Florø sentrum. Godt utbygd nett av gangvegar både mot sentrum og skule. Ein har butikk, skule, barnehage og fritidsordning like ved. På kort tid når ein flott turterreng i Brandsøyåsen og trivselsfaktoren er høg både innvendig og utvendig på denne flotte eigedomen.

Innhald

Arkitektteikna bustad med mange gode løysingar og flotte detaljar.

Bustaden er på tre plan og har i hovudetasjen : - kjøkken, spisestove med trapp til loft,stove, bad, wc, to soverom, vaskerom og vindfang.
- frå kjøkkenet har ein tilgang til godt vaskerom
- romsleg spisestove
- Takhøgt Nordfjordkjøkken med mykje skåpplass, eikefrontar, og eit godt område å jobbe på, samt god plass til spisebordet
- stova har det høge taket som ein festar seg ved med ein gong ein kjem inn samt ein triveleg peis

Loftet har loftsstove, to soverom, bad/wc og gang/trapperom
- lys og luftig loftsstove med utgang til veranda
- fint trapperom der ein har kontakt med etasjen under

Underetasjen har stove, kjøkken, bad/wc, to soverom, gang og vindfang.
- stor romsleg stove
- god størrelse på kjøkken og bad
- i tillegg bod og overbygg som ein kan nytte til sykkelparkering m.m
- seljar har ei stor bod som ein disponerer med inngang frå vindfang i underetasjen
Inntekt på utleige i underetasjen er i dag 6500,- pr mnd.

Meklar gjer merksam på det ikkje er søkt bruksendring for innreia underetasje hjå Flora kommune.

Standard

Innvendige veggar har i u.etg. : Synlig betongflater i bod 1. Panel i vindfang. Målt panel i gang. Målte plater på kjøkken og bod 2. Tapet + ein vegg
målt panel i stova. Flis imiterte baderomsplater på bad/wc. Tapet soverom 1. Målt glassfiberstrie på soverom 2.
1.etg. : Våtromstapet + fliser i dusjhjørne på bad. Malt glassfiberstrie med fliser over benkeplate kjøkken. Malt glassfiberstrie
på resten.
Loft : Målt panel på gang/trapperom.Tapet på loftstove. Flisar på bad/wc. Målt glasfiberstrie på soverom 1 og soverom 2
Nye flisimiterte baderomsplater på bad/wc u.etg. og flisar på bad/wc loft i 2006.
Bad 1.etg. må påregnes renovert.

Himlingar har Agnes takessplater, panel og beisa panel.

Innlagt fiber

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bustaden er sett opp med ytterveggar av trestenderverk over grunnmur av plasstøypte betongveggar. Videre på grovstøpt plate på betongsåle på kult-fylling til fjell.
Ytterveggar har over grunnmur værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Terrasse mot sør
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 25012017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Garasjen er bygd i 2014 har eit BRA på 37 m2. Inneheld trapp til kald loftsrom og innreia isolert rom på halve loftsplanet. Høgda er 1,87 m og difor ikkje målbart. Ytterveggar av trestenderverk over ringmur i betong og innvendig støypt golv. Yttertak har tekking av betongtakstein.Ytterveggar har værhud av panel. Innlagt straum og elektrisk port.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 265 kvm, Bruksareal: 286 kvm, Bruttoareal: 315 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Hovudetasje : 117 m2
Loft: 58m2
Underetasje: 111 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Parkering på eigedomen og i garasje

Tomt

Eierform: Eiet tomt
Tomta er fint opparbeidd med hageanlegg, plen og beplantning. Asfaltert innkøyring og parkering for 1-2 bilar framfor garasje. Singel i gangveg inne på eigedomen. Inngjerda mot barnehagen i nord og hekk mot nabo i aust.

Regulering/offentleg godkjenning

Plan ID 19830104
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader, trafikkområde og friområde.

Veg, vatn, avløp

Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D

Tilkomst

God tilkomst til eigedomen frå hovudveg

Oppvarming

Bustaden har peis og luft til luft varmepumpe i stova i hovudetasjen. Termostatstyrte varmekablar i heile underetasjen med unntak av bod 1 og bod 2. Termostatstyrte varmekablar på bad, vaskerom og vindfang i hovudetasjen og på bad/wc på loftet.

Kommunale avgifter

Kr. 27 813 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 863 418 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 417 569 per

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 17.11.1986
Det føreligg ferdigattest på garasje frå Flora kommune datert 03062004

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

ca 1.juli 2017 eventuelt etter nærare avtale

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode91423365
Sist endret07. apr. 2017 01:54
Referanse1170006

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.