Utløpt

Universitetslektor i pedagogikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Universitetslektor i pedagogikk
Frist
17.03.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Stavanger

Søknadsfrist: 17.03.2017

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som universitetslektor i pedagogikk ved Det humanistiske fakultetet, Institutt for barnehagelærarutdanning. Stillinga er ledig i perioden 01.08.2017 - 31.07.2018.

Fagområdet for stillinga er pedagogikk i barnehagelærarutdanninga.

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing og eksamensarbeid relatert til det aktuelle fagområdet, samt administrative oppgåver.

For tilsetting som universitetslektor vert det kravd mastergrad/hovudfag eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet. I tillegg til vitskaplege kvalifikasjonar vil det bli lagt vekt på relevant yrkespraksis frå barnehage, skule eller høgare utdanning.

Den som blir tilsett bør også kunne dokumentere pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning. Søknaden bør innehalde ein refleksjon over eigen undervisningskompetanse.

Bruk av varierte undervisningsmetodar er et satsingsområde ved universitetet. Den som blir tilsett må være innstilt på å ta i bruk nye metodar og ulike digitale læringsressursar.

Den som blir tilsett skal delta på NyTi, som er universitetets rettleiings- og integreringsprogram for nytilsette som skal undervise.

Undervisningsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg. Den som blir tilsett, må òg vere førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Stillinga blir løna etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.510, kode 1009, ltr. 52-63, kr 449.800 - 546.400 bto. pr. år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert.

Stillinga gjev automatisk medlemskap i Statens Pensjonskasse, som sikrar gode pensjonsrettar. Medlemmar kan søkje bustadlån til gunstige vilkår.

Stillingsomtalen gjer nærare greie for fag- og ansvarsområde, arbeidsoppgåver, kvalifikasjonskrav og andre tilhøve som vil bli vektlagde ved tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Rudy Garred, tlf 51 83 35 39, epost rudy.garred@uis.no eller til førsteamanuensis Aud Toril Meland, tlf 51 83 35 44, epost aut.t.meland@uis.no. Opplysningar om tilsetjingsprosessen kan ein få ved å vende seg til Camelia Danaei, epost camelia.danaei@uis.no.

Du må registrera søknaden i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no. Relevant utdanning og erfaring skal registrerast i skjemaet. Vitnemål, attestar og ev annan dokumentasjon som du ønskjer det skal takast omsyn ber vi deg laste opp som vedlegg til søknaden i separate filer. Dersom vedlegga overskrir 15 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

?
Stillingsomtale

Tilsetting gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Organisatorisk er stillinga knytt til Det humanistiske fakultetet, Institutt for barnehagelærarutdanning.

Fagområdet for stillinga er pedagogikk i barnehagelærarutdanninga. Det inneber undervising i pedagogikk og didaktikk retta mot arbeid i barnehagen. Målområda for studiet i pedagogikk er fagleg, didaktisk, sosial og yrkesetisk kompetanse samt endrings- og utviklingskompetanse. Ein del av arbeidsoppgåvene er knytt til studentane sine praksisperiodar.

Den som blir tilsett skal gje undervisning, rettleiing og delta i eksamensarbeid innanfor utlyst fagområde, samt ta på seg administrative oppgåver.

Det blir forventa at den som blir tilsett, støtter opp om og deltek i anna aktivitet ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt- og fakultetsgrenser.

Søkjarar bør kunne dokumentere pedagogiske kvalifikasjonar i form av universitetspedagogisk kurs eller annan pedagogisk utdanning. I særlege tilfelle kan dokumentert undervisningserfaring bli vurdert som likeverdig. Reglar for vurdering og vektlegging av pedagogisk kompetanse ved tilsetting i faste vitskaplege stillingar kan ein få ved å vende seg til fakultetet.

Søkarane vil bli bedømde av ein sakkunnig komité på bakgrunn av innsendt materiale. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga blir lagd på bedømming av dei innleverte vitskaplege arbeida og undervisnings-kompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og ev. andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga kan også bli tillagd vekt.

Opplysningar og materiale som det skal takast omsyn til i den sakkunnige vurderinga, må vere innleverte innan søknadsfristen. Det skal opplysast om eventuelle referansar i søknaden eller på førespurnad.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøveforelesing før det blir gitt endeleg innstilling. I den samla vurderinga av søkjarane vil òg personlege eigenskapar bli lagt vekt på.

 

 

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 10.700 studentar og 1.560 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for barnehagelærarutdanning, som er ein del av Det humanistiske fakultet, har ansvar for barnehagelærarutdanning, bachelor, mastergradsutdanning i barnehagevitskap samt etter- og vidareutdanningsverksemd for barnehagelærarar.


Instituttet har og ansvar for eit doktorgradskurs og eit halvårleg studieprogram for utvekslingsstudentar, Comparative Educational Studies. Visjonen til instituttet er å vere nyskapande og innovative på forsking og undervisning innanfor barnehagefeltet. Verksemda ved instituttet skal pregast av kvalitetar og verdiar knytt til barnehagefeltet, som openheit og interesse, utforskingstrong og læring, leik og kreativitet, relasjonar prega av ansvar og respekt, samt eit tydeleg samfunnsengasjement. Instituttet skal utdanne kompetente, motiverte og samfunnsengasjerte barnehagelærarar. Det er i dag 45 tilsette og 600 studentar ved instituttet.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug, 4036 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
1154 følger dette firmaet

Ullandhaug, 4036 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 91349908
Sist endret 23. feb. 2017 08:25

Rapporter annonse