Inaktiv

Hauge bufellesskap søkjer sjukepleiar 100% fast

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast
Frist
19.03.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Ledig fast 100% stilling som sjukepleiar i Heimetenesta, for tida ved Hauge bufellesskap. I bufellesskapet har vi 16 husvære, fordelt over to etasjer.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleieoppgåver i bufellesskapet. Primærkontakt for brukarar. Bufellesskapet er del av heimetenestetilbodet i kommunen, ogdet kan og bli aktuelt med vakter i heimetenesta når det er behov for det.Stillinga innebærer todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi søkjer

Autorisert sjukepleiar (krav). Det er ønskjeleg med tilleggskompetanse innan geriatri.

Personlege eigenskapar

Sjukepleiar med gode samarbeidsevner, men som også kan arbeide sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det kan bli aktuelt å skifte mellom inne og ute, så fleksibilitet er ein føresetnad. Datakunnskap ei føremon, Osterøy nyttar dokumentasjonssystemet Acos CosDoc. Vi ønskjer søkjarar med interesse for å arbeide i eldreomsorga og som ønskjer å deltaaktivt i utforminga av tilbodet til våre brukarar. Eit positivt menneskesyn er påkrevd.

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Løn etter gjeldande tariffavtale.

Anna

Dersom du tek imot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Hauge, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne B.Jørgensen
Stillingstittel
Konst. nestleiar Heimetenesta
Telefon
56 19 25 16
47 23 70 95
Kontaktperson
May Britt Borge
Stillingstittel
Einingsleiar Heimetenesta
Telefon
56 19 26 16
94 53 44 55
Følg firma
173 følger dette firmaet

Hauge, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 91012372
Sist endret 21. mar. 2017 00:54

Rapporter annonse