Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Flott beliggande einebustad med garasje og herleg utsikt

Kart med kartnålKrokåsen 20, 6908 Florø
Prisantydning3 600 000 kr
Kommunale avg.
17 006 kr per år
Formuesverdi
863 418 kr
Verditakst
3 600 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
3
Primærrom
135 m²
Bruksareal
144 m²
Byggeår
1999
Energimerking
D - Oransje
Tomteareal
598 m² (festet)
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Krokåsen 20
6908 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg nydeleg til i Krokåsen ca 4,2 km frå Florø sentrum. 150 m frå skule og barnehage på Torvmyrane. Ved skulen er det og flott å vere ute å leike. Sommer som vinter har ein flotte turmoglegheiter like ved i Brandsøyåsen. Busstopp like bortanfor. Solrikt og barnevenleg med utsikt sørover mot Solheimsfjorden og sørvest til Alden.

Innhald

Bustaden er på to plan og har på hovudplan hall, vaskerom med inngang mot bad og utanfrå, bad, stove med utgang til stor terrasse, kjøkken, garasje og bod. Loftet har tre soverom, loftsstove med utgang til sørvendt balkong, bod og bad .

Standard

Kjøkkeninnreiing av typen JKE laminatkjøkken med heiltre målte eikefrontar og lys-og gesimslister. Laminat stein-imiterte benkeplate med heiltre eikefrontar. Målte frontar i 2012.

Innvendige veggar har overflater av 1.etg. : Tapet med målt brystningspanel i hall. Målt glasfiberstrie med flis-brystning og flisar i dusjhjørnet på bad/wc.
Våtromstapet på vaskerom. Tapet med flisar over benkeplate kjøkken. Tapet resten. Loft :Fabrikkmålte MDF plater og ein vegg
tapet på loftstue. Flisar på bad/wc. Målte plater + en vegg tapet på soverom 2. Tapet på resten.
Nye mdf plater og tapet på loftstue, samt ny tapet på soverom 2 2015.
Generell oppussing med maling av tapeter i 2013/15.

Himlingar 1.etg. : Agnes takessplater på bad/wc, vaskerom og bod. Målt panel resten. Loft : Panel på bad/wc. Målt panel på loftstove og
kott. Agnes takessplater på resten.
Nymålt panel på loftstove 2015.

Golva har overflater av 1.etg. : Flisar i hall, vaskerom og bad/wc. Flytande laminatgulv i bod. Flytende parkettgolv i stove og kjøkken. Loft : Ubehandla
sponplater på kott. Flisar på bad/wc. Flytande eikeparkett på resten.
Nye golv på kjøkken og stove 2012.

Opplagt med sentralstøvesuger men motor er iflg eigar defekt.
Innlagt fiberkabel

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer ikkje med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med.

Byggjemåte

Bustaden er sett opp med ytterveggar i trestenderverk over armert støpt plate på mark med isolasjonover betongsåle på kultfylling til fjell. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Terrasse i nordaust med ca 55 m2 impregnert dekke samt stor terrasse i sør. Levegg/gjerde i nordaust er ikkje byggemeldt men iflg eigar er det muntleg godkjent av nabo.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø , datert 12.12.2016 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 135 kvm, Bruksareal: 144 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder og garasje

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 82 m2
2.Etasje: 62 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

På eigedomen

Tomt

Areal: 598 kvm, Eierform: Festet tomt, Festeavgift: 3445, Neste regulering i 2027
Festa tomt.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader.

Veg, vatn, avløp

Offentleg

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D

Tilkomst

God tilkomst frå offentleg veg.

Oppvarming

Termostatstyrte varmekablar i hall, på vaskerom og på begge bad /wc. Elementpeis i stova.

Kommunale avgifter

Kr. 17 006 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Faste kostnader

Festeavgift kr 3445 pr år. Neste regulering i 2027.
Forsikring pr år 4727,-

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 863 418 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 417 569 per

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 13.09.99. Denne ligg vedlagt.

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Ca 01.07.2017

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode91002935
Sist endret31. mars 2017 11:29
Referanse1170016

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.