Utløpt

Elektrikar - Tilsynslag Nordland

Arbeidsgiver
Kystverket - Kystverket Rederi
Stillingstittel
Allsidig fagarbeider med elektrikarfagbrev og båtførerkunnskap Nordland
Frist
26.02.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket
Kystverket søkjer etter kyndig og allsidig elektriker med fagbrev.

Arbeidsområde i tilsynslag Nordland, DVs frå Rørvik i sør til Troms i nord.

Vi søkjer ein elektrikar med allsidig elektrobakgrunn som også har erfaring og innsikt innan andre håndverksfag.

Tilsynslaget er til vanleg 2-4 fagarbeidarer allsidig samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift.

Hovudoppmøtestad for tilsynslaget i Nordland er hhv Sandnessjøen/Kabelvåg/Svolvær.

Tilsynslag har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale. Arbeidsperiodane er til vanleg 3 veker arbeid med påfølgjande friperiode. Det er sett opp årleg plan på arbeidsperioder.

Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i småbåt eller bil.
Ein må pårekne å vere borte heimafrå heile arbeidsperioden.
Varierte oppgåver utandørs heile året.

Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig arbeid som elektrikar på navigasjonsinnstallasjonar.
  • Elektrikar tek del i allsidige oppgaver som ein del av tilsynslaget sitt arbeidslag, også det som ikkje er elektrorelatert.
  • Allsidige og utfordrande oppgåver innan tilsyn, drift, installasjon og vedlikehald av navigasjonsinnstallasjoner og Kystverket sine eigedommar.
  • Alle på laget må vere båtkyndige og kunne navigere også i mørket.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar (tilsvarande Gr.L.).
  • Heile arbeidslaget må vere gode båtførarar. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som fritidsbåtskipper D5L samt ROC- og sikkerhetskurs. Motorkompetanse er ynskeleg.
  • Må kunne arbeide i høgda og klatre i stolpar
  • Erfaring og kompetanse frå andre handverksfag er ynskjeleg og vert prioritert.
  • Søkjar må beherske bruk av IT-verktøy
  • Det krevjast god fysikk og helse. Søkjar må tilfredsstille krav for å få sjømannsattest.

Utdanning

  • Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
  • Fagarbeidar
  • Fagbrev

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Allsidig erfaring innan ulike fagområder.
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Løysingsorientert og kunne tilrettelegge arbeidet
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne bidra til gode rutiner og holdningar til HMS i alt sitt arbeid

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Elektrikar er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar, lønnsplassering i statens regulativ, dvs kr 385 400 - 408 700.
  • Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar med lengre dagar og friperiodar. I arbeidsperiodane må ein pårekne at ein ikkje kjem tilbake til basen.
  • Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
  • Arbeidstakar i tilsynslag har særaldersgrense på 65 år.
  • Fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
  • Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.
  • På bakgrunn av personalpolitiske mål om at arbeidsstyrken skal spegle den generelle samansettinga av befolkninga, vert alle kvalifiserte oppfordra til å søkje uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.
  • Tiltreding snarast.
  • Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje e-post.

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
., 8800 Sandnessjøen
Bransje
Elektronikk
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Sundgot Johannsen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
99 34 29 85
Kontaktperson
Ingrid Johnsen
Stillingstittel
Prosjektleiar Nordland
Telefon
40 04 57 09
Følg firma
1220 følger dette firmaet

., 8800 Sandnessjøen

Annonseinformasjon

FINN-kode 90575966
Sist endret 9. feb. 2017 11:17

Rapporter annonse