Bildegalleri
Nydeleg leilegheit over 2 etg. med 2 parkeringsplassar
Kinnvegen 49, 6900 FlorøPris på lån: fra 15 897 kr/mnd
Eff.rente 5,64 %. 2 590 000 o/25 år. Kostnad: 2 179 100 kr. Totalt 4 769 100 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 156 m²
- Bruksareal
- 162 m²
- Byggeår
- 2009
- Energimerking
- D - Rød
- Tomteareal
- 7 516 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 173 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Kinnvegen 49
6900 Florø
Lokalitet
Særs lekker leilegheit på to plan i Kinnvegen sameige. Bustaden har ei praktisk planløysing, med heis til garasjeanlegget. Parkeringsplassane ligg like overfor heisen. Solrike balkongar i begge etasjar.
Eigedomen ligg sørvendt og solrikt til. det er ca 2,1 km til sentrum. Kort gangavstand til det flotte friluftsområder på Sørstrand, barnehage og flyplass. Storåsen med sine gode turmoglegheiter ligg like ved samt byens kjekkaste akebakke.
Innhald
Leilegheita er på 2 plan i 2. og 3. etasje.
Plan 2 hovudplan : Her er det ein romsleg inngang med trapp til loft, eit soverom, vaskerom, stort bad, stove og kjøkken. Utgang til balkong mot sør. Ved inngang er det og ei romsleg bod.
Plan 3: Loftsstove med utgang til sørvendt balkong, to soverom, romsleg bad /wc. Kaldloft som er golvlagt, med nedtrekkbar stige. Mykje lagringsplass.
Til denne leilegheita får ein og to parkeringsplassar like ved heisen.
Standard
Leilegheita framstår lys, lekker og moderne med gode kvalitetar og standard.
Norema takhøgt kjøkken med mdf frontar og laminat benkeplate. Integrert komfyr og oppvaskmaskin. Glassplate mellom kjøkkenbenk og kjøkkenskåp utpå ein frisk tapet. Her er det og belysning under skåpa .
Innvendige veggar har heilsparkla og målte gipsplater i hovudetasjen. Loftet har ferdigmålte sponplater utanom bad.
Himlingar har sparkla og målte gipsplater i hovudetasje. Loftet har fabrikkmålte MDF bord, nye tak på loft i 2016.
Gode praktiske skåp på vaskerom.
Bad på hovudplan har flislagte golv og veggar. Vegghengt wc, dusjvegg i glasbyggarstein og baderomsinnreiing.
Bad på loftet har flislagte golv og baderomspanel på veggar. Vegghengt wc, dusjhjørn og baderomsinnreiing.
Heile loftet er nytt i 2016.
Innlagt fiber.
Opplagt straum på parkeringsplasen
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med.
Byggjemåte
Bustaden er oppført i 2009 i fleirfamiliehus på tilsaman 6 bustader. Bustaden går over to plan i 2. og 3. etasje med garasje i underetasjen. Det er heis i bygget.
Ytterveggar er plasstøypte betongveggar i underetasjen. Resterande ytterveggar er 148 mm isolerte trestenderverk. Gipsplater, lekter og utvendig glattpussa Aquapanelplater. Innvendig diffusjonssperre og plater.
Takkonstruksjon har sperretak i tre. Prefabrikerte A-takstolar, isolert med 350 mm min. ull, lufting, sutaksbord, papp, sløyfer, lekter og betongtakstein. Innvendig diffusjonsperre og takessplater. 2-lags superenergiglass.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 26092016 .
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 156 kvm, Bruksareal: 162 kvm, Bruttoareal: 173 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:
BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 92 m2
Loftsetasje: 70 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det følgjer med to parkeringsplassar like ved heisen. I tillegg er det gjesteparkering utvendig.
Tomt
Areal: 7 516 kvm, Eigarform: Fellestomt i sameige. Bustaden har to sørvendt balkongar frå andre og tredje etasje.
Sameige har nyleg opparbeidd fellesarealet med murar og plantar.
Regulering/offentleg godkjenning
Ligg i område regulert til bustad. Grense til LNF område.
Veg, vatn, avløp
Offentleg
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Lett tilkomst enten via trapp eller frå parkeringsplass rett ved heisen.
Oppvarming
Gasspeis i stova. Termostatstyrte varmekablar i entre, vaskerom/teknisk rom og på begge bada.
Kommunale avgifter
Kr. 16 233 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Fellesutgifter til sameiget
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 933 451 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 613 664 per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 24.09.2015 . Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
3 219 pr. mnd. Felleskostnadane dekkjer eige straum og gassforbruk, felles straum, drift og vedlikehald av heis og forsikring av bygget.
Felleskostnader dekker eige straum og gassforbruk, blir betalt a konto og avrekna ved årsslutt, felles straum , rekneskapsførar, felles forsikring, avsetning til noke vedlikehald.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameiget Kinnvegen, Orgnr.: 994337211
Sameige har vore har 32 seksjonar og har felles garasje og felles teknisk rom.
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB Nordvest
Godkjenning/forkjøpsrett
Overdraging/utleige av seksjon skal meldast styret for godkjenning.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.