Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Særs triveleg arkitektteikna bustad i flott område

Kart med kartnålProf Indrebøgate 18, 6900 Florø
Prisantydning2 900 000 kr
Kommunale avg.
15 957 kr per år
Formuesverdi
588 346 kr
Verditakst
2 900 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
4
Primærrom
124 m²
Bruksareal
195 m²
Byggeår
1956
Energimerking
G - Oransje
Tomteareal
825 m² (eiet)
Bruttoareal
211 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Prof Indrebøgate 18
6900 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg flott til på Tua , eit særs attraktivt område rett aust for Florø sentrum. Denne arkitekteikna bustaden har ei god planløysing og trivselsfaktoren er høg innanfor desse fire veggane. Solrikt og lunt i eit barnevenleg strøk.
Ein spaserer på kort tid til sentrum, skule, barnehage og til badeannlegget Havhesten. Flotte turområder har ein like ved og nærbutikk rett nedanfor på Evja.

Innhald

Bustaden er på tre plan og har i hovudetasjen kjøkken, stove, tv stove, soverom, bad, gang, wc, entre og vindfang. Loftet har tre soverom, bad/wc og gang/trapperom. Kjellaren har kjellargang/ trapperom, potetbod, matbod, vaskekjeller, vedbod, snekkerbod, tørkerom og kjellerrom.

Standard

Plassbygd kjøkken frå byggeår.
Innvendige veggar har oveflater av i kjellar : Målt puss på ytterveggar og panel på lettveggar i gang, potet-bod og vaskekjeller. Puss og panel på resten.
1.etg. : Panel i vindfang og gong. Strietapet på soverom. Målte plater wc. Baderomsplater på bad. Tapet med flisar over benkeplate på
kjøkken. Tapet og panel i stove. Panel i tv-stove.
Loft : Panel i gang. Målt panel i entre. Baderomsplater på bad/wc. Tapet resten.

Overflater på innvendig himling: -kjeller : Målt panel i gang og potet-bod. Målte plater i vaskekjeller. Panel resten. 1.etg. : Målte slette tak heile etasjen og på loft .
Avvik på en del skjøter i takene.
Overflater på innvendige golv: - kjeller : Målt betong i kjellergang og potet-bod. Belegg i kjellerrom. Betong resten. 1.etg. : Flisar i vindfang. Mosaikkflis på wc og bad. Vinylbelegg i gong og kjøkken. Parkett i stove og tv-stove. Loft : Teppe på gong og entre. Flisar på bad/wc. Vinylbelegg på resten.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin følgjer med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med. Nytt fryseskåp i kjellarbod følgjer med.

Byggjemåte

Bustaden er sett opp med ytterveggar i stenderverk over grunnmur av betongveggar. Dette er sett på betonggolv mot kultfylling til fjell. Ytterveggar har værhud av panel. Ny impregnert kledning på sørvegg i 2013.
Yttertak har tekking av Decra platetak. Inngang via støpt trapp med skifertrinn , målt rekkverk ( nytt i 2016 ).

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø datert 15.12.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 124 kvm, Bruksareal: 195 kvm, Bruttoareal: 211 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 74 m2
2.Etasje: Loft 50 m2
Kjeller: 71 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Tomt

Areal: 825 kvm, Eierform: Eiet tomt

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen ligg i område som er sett av til bustader.

Veg, vatn, avløp

Offentleg

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G

Tilkomst

Tilkomst frå offentleg veg.

Oppvarming

Vedkamin i stova, open peis i tv - stova og ein vedovn på eit soverom på loftet. Varmekablar i golvet på bad/wc på loftet.

Kommunale avgifter

Kr. 15 957 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 588 346 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 647 369 per

Ferdigattest

Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune. (Dette er vanleg på eldre bustader)

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode89806636
Sist endret18. feb. 2017 02:44
Referanse1170001

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.