Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Endebustad med garasje i roleg barnevennleg område.

Kart med kartnålOlav Sindresonveg 25, 6907 Florø
Prisantydning1 500 000 kr
Fellesgjeld
186 352 kr
Felleskost/mnd.
3 492 kr
Formuesverdi
392 454 kr
Verditakst
1 500 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Rekkehus
Eieform
Andel
Soverom
2
Primærrom
69 m²
Bruksareal
76 m²
Byggeår
1979
Energimerking
F - Rød
Tomt
Eiet
Bruttoareal
83 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Olav Sindresonveg 25
6907 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg fint til i burettslaget ca 1,6 km frå Florø sentrum . Her har ein butikkar, barnehage og skule like i nærleiken. Kort veg til flott turterreng i Brandsøyåsen og gode sykkelvegar heilt til sentrum. Busstopp like ved.
Denne leilegheita ligg i midtre rekke og er nr. 8 ( endeleilegheit med garasje ) frå innkøyringa.

Innhald

Bustaden er på to plan og har i hovudetasjen stove med utgang til altan og kjøkken. Luke i tak på kjøkken med nedtrekkbar stige til kaldloft. Underetasjen har to soverom der det eine har utgang til terrasse, bad/wc/vaskerom ,vindfang med garderobe, ei bod/garderobe og gang / trapperom. Garasje

Standard

Kjøkkeninnreiing frå byggeår.

Overflater på innvendige veggar : - 1.etg. : Panelbeisa panel i vindfang/garderobe. Tapet m/brystningspanel i gang/trapperom. Tapet på soverom 1, soverom 2
og bod/garderobe. Fliser på bad/wc/vaskerom. 2.etg. :Tapet m/brystningspanel i stue m/trapp. Malt glassfiberstrie kjøkken.
Målte plater bod.
Generell brukslitasje med merker etter oppheng o.l. Oppussing/påkostning bør påregnes.
Himlingar har målte plater i begge etasjar.
Overflater på innvendige golv: - 1.etg. : Fliser på bad/wc/vaskerom. Vinylbelegg i vindfang/garderobe og gang/trapperom. Flytende eikeparkett på resten.
2.etg. : Vinylbelegg på alle gulv.
Generelt noe brukslitasje på de fleste overflater og oppussing/påkostning bør påregnes

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bustaden er sett opp med ytterveggar av trestenderverk over ringmur av betong. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av Decraplater. Altan med utgang frå stova. Terrasse med utgang frå soverom.

Det blei gjort ei stor rehabilitering i 2014, der ein skifta mellom anna tak, døre og vindauge.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 19.12.2016

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 69 kvm, Bruksareal: 76 kvm, Bruttoareal: 83 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 38 m2
2.Etasje: 38 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Det høyrer med garasje til bustaden.

Tomt

Eierform: Fellestomt
Opparbeidet uteområde med plen og beplantninger i sør.
Asfaltert innkjørsel og felles opparbeidet parkeringsplasser ved innkjøringen til leilighetene og
framfor inngangen i nord.

Regulering/offentleg godkjenning

Bustaden ligg i område som er avsett til bustader

Veg, vatn, avløp

Offentleg

Energimerking

Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter F

Tilkomst

Lett tilkomst frå hovudveg over fellesareal til bustaden.

Oppvarming

Termostatstyrte varmekablar i golv på bad/wc/vaskerom

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 392 454 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 098 872 per 31.12.15

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 30.11.1979. Denne ligg vedlagt.

Opplysningar om burettslaget

Borettslag: Hovland Borettslag, Orgnr.: 952788434
Andelsnr.: 1322
Andel fellesgjeld: 186352
Rekkehus , bygget for 37 år siden , og forventet bygget etter datidens byggemetoder og forskrifter. Borettslaget består av 4
stk. 2-roms, 4 stk. 3-roms og 4 stk. 4-roms leiligheter.
2-roms og 3-roms leiligheter består av vertikaldelte 2-mannsboliger på to plan.
Denne andelen ligger i midtre rekke, og er nr. 8 fra innkjøringen.

Felleskostnader

3 492 pr. mnd.

Årsmelding/vedtekter

Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.

Forretningsførar

Burettslaget er tilslutta BOB.

Forkjøpsrett

Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.

Godkjenning

Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.

Sikringsfond/legalpant

Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader. (NB ! ta det vekk om dei ikkje er medlem)

Utleige

Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med/utan eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Snarast

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode89794248
Sist endret16. feb. 2017 09:44
Referanse1170003

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.