Bildegalleri
Gammel dansk hønsehund kull våren 2018. GDH
Beskrivelse av varen
Kvalpelista for tispekvalp er full, men ta gjerne kontakt dersom du er interessert i hannkvalp eller om du vil ha info om rasen og er interessert i kvalp på eit evt seinare tidspunkt.
Endeleg blir det GDH kull i Norge med NCH, RL2 Pilegrimsledens Zara. I neste løpetid ca feb, skal vi til Danmark og Zara får parre seg med den flotte hannhunden Magne. Han er ein staseleg flott gdh brukshund som har jobb med å assistere matfar som er "herregårdskytte ved et jagtvæsen (viltforvalter) med å drive fasanfuglar heim til utsettingsplassar, hente/apportere nedskotne fasaner i jaktsesongen og til drivjakt.
Gamal dansk hønsehund, GDH, Old Danish pointing dog, er ein sjelden rase utanfor Danmark. I Noreg er det ca berre 15 stk av dei. Gdh er ein veldig allsidig og flott hunderase. Den er i gruppe 7 Stående fuglehunder. Men ein treng ikkje drive jakt for å få ein lykkeleg GDH, den er glad for å vere med på det som skjer. Zara er først og fremst tur- og familiehund, men ho syns det er kjempekjekt med agility, utstilling, rallylydigheit, trekkhundoppgåver, gå spor, apportering etc. Det er ein positiv hund du kan ha med på alt. Ein av dei største fordelane med rasen i mine auger er at den har god kontakt til førar og eit nært søk. Dette er ein god fordel både i jaktsamanheng og når ein går med hunden laus på tur i skog og mark.. Den har middels aktivitetsnivå og taklar fint ein dag i sofaen når det er rufsevèr ute.. GDH er relativt lettlært rase, den er arbeidsom og er ein triveleg og allsidig rase. GDH hohundar er 50-56cm høge og 25-32kg, hannhundane er typisk 54-60cm høge og 30-35 kg. Robust kroppsbygning, kort og lettstelt pels.
Zara er ein flink og flott GDH. Ho har blitt BIR på alle 7 utstillingar vi var på i 2016, fått 1 BIG1, 2 BIG2 og 1 BIG4 og Norsk GDH vinner på Dogs for all. På MyDog i Gøteborg, jan 17, fekk ho BIR, CASIB, Cert, CK og kvalifisering til Crufts. Ellers i år har ho blitt BIR på utstillingar vi har deltatt på i Noreg og 2stk BIG1. I juni var vi til Danmark og stilte ho på rasespesialen, der blei ho 3.beste tæve med prima kritikk! :-)
I august i fjor debuterte vi med Rallylydighet og Lp1, I helga fekk ho 2 stk 1.premiar, hhv 1 og 3.plass og har no sølvmerket og opprykk til klasse 3 i rallylydigheit. :-)Er imponert over kor lettlært ho er og tek nye ting kjapt. Ho er 6år, frisk og rask og ein veldig allsidig hund som likar alt av aktivitet. I november 2016 var ho på augelysing og gonoskopi med topp resultat (u.a.). I tillegg er både Magne og Zara dna-testa og er fri for PRA, dvs ingen av dei er bærara av genet som kan gje PRA og dermed blir også kvalpane fri. Begge hundar er friske og sunne. Magne er røntga fri for HD (HD: A), og han oppfyller krava sett av GDH Avlsrådet i Danmark og er på på hannhundlista for godkjente avlshannar. Magne er også ein skjønn og kjærleg familiehund, han er flink med barn. Han er aktiv og "på" ute i terrenget og rolig og avslappa inne.
Når du overtar kvalpen frå oss er den:
Minimum 8 veker gamal
Registrert hos Norsk Kennel Klubb med stamtavle
ID-merket med microchip
Ormkurbehandla
Helsesjekka av veterinær med vet.attest
Kvalpepakke
Det er viktig for oss at kvalpane kjem til gode, seriøse, trygge heimar. Før du får deg kvalp frå oss:
Har du har tenkt deg godt om? Har du tid og plass i livet ditt til å prioritere eit nytt familiemedlem? Sett deg godt inn i kva det innebærer å ha kvalp/hund? Husk at ein hund har ein forhåpentlegvis i mange mange år! Utgifter til mat, helse, veterinærforsikring, kurs og utstyr for ein hund kan typisk bli 15-20 000kr i året. Vi stiller gjerne opp med å svare på spørsmål om rasen, gje råd undervegs, samt å anbefale god litteratur om hundehald og trening. Du er hjarteleg velkomen til å sende oss ein uforpliktande mail dersom du er interessert i kvalp eller vil vite meir om rasen: zara.lullavang@gmail.com
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 3.2.2018, 14:01 ・ FINN-kode: 89616754