Utløpt

Driftsplanleggar

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg - Forsvarsbygg utleie
Stillingstittel
Driftsplanleggar
Frist
29.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg
Forsvarsbygg utleie består av seks regionar fordelt over heile landet. Hovudfokus er å inngå samt fylgje opp leigekontraktar med millitære leigetakarar, herunder ivaretaking av drift-, vedlikehald og utviklingsoppgåver slik dei er avtalt med leigetager og/eller eigar.

Forsvarsbygg søkjer å ha eit tverrfagleg arbeidsmiljø prega av mangfald og likestilling og søkjer difor etter ei balansert fordeling med omsyn på alder, kjønn og etnisitet. Vi ønskjer oss fleire nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom både sin personlege og faglege kompetanse. Som IA-verksemd legg Forsvarsbygg vekt på å tilpasse arbeidsforholda for personar med redusert funksjonsevne.

Les gjerne meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb.

På Rygge har vi no ledig ei spennande stilling som driftsplanleggar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og prioritere tiltak på bakgrunn av innhenta informasjon og intern samhandling
  • Utarbeide og oppdatere driftsplan
  • Vere ansvarlig for at planlagde tiltak iht driftsplan og tildelte rammer blir gjennomført
  • Fylgje opp eksterne leverandørar
  • Halde jevnleg kontakt med kunderepresentantar og brukarar
  • Identifisere og ta initiativ til at feil og manglar rettast opp
  • Stedsfortredar for arenaleiar/serviceleiar

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå ressurs- og produksjonsstyring samt frå drift- og vedlikehaldsplanlegging
  • Kjennskap til planleggingsverktøy, som til dømes Xpand.
  • God økonomiforståing
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing
  • Krav til formell utdanning kan i spesielle tilfelle fravikast om tilstrekkelege kvalifikasjoner kan dokumenterast
  • Førarkort kl. B.
  • Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner (muntleg og skriftleg)
  • Initiativrik og løysningsorientert
  • Handlekraftig, strukturert og endringsvillig
  • Ha god systemforståing og beherske ulike dataverktøy

Vi tilbyr

  • Løn som driftsleiar (kode 1137) iht Statens lønsregulativ, frå kr 470.000-525.800,- pr år, avhengig av utdanningsnivå og kompetanse
  • Medlem hos Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren

Den beste arbeidsplassen er den som fungerer som ei vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du også gjer. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.



Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg. Vi er til for menige og befal og medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.



Sektor
Offentlig
Sted
Rygge, 1580 Rygge
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Tomasgard
Stillingstittel
Arenaleiar Rygge
Telefon
99 12 67 65
Følg firma
3052 følger dette firmaet

Rygge, 1580 Rygge

Annonseinformasjon

FINN-kode 88819456
Sist endret 11. jan. 2017 13:08

Rapporter annonse