Utløpt

Lærar - Sjernarøy oppvekstsenter

Arbeidsgiver
Finnøy kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Lærar - Sjernarøy oppvekstsenter
Frist
22.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Frå 01.02.2017 er det ledig ein heil undervisningsstilling på Sjernarøy oppvekstsenter, barnetrinnet. Sjernarøy er ei øygruppe på sju øyar som ligg i Finnøy kommune i Ryfylke. Seks av dei sju øyane er bundne saman med bruer og det bur omlag 365 innbyggjarar i Sjernarøyane .

Arbeidsoppgåver

Me er på jakt etter deg som har lyst å arbeide som lærar i grunnskulen, fortrinnsvis på barnetrinnet. Me er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse innan basisfaga.

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen eller annan relevant utdanning.
Erfaring frå undervisning, klasseleiing og undervegsvurdering er ein fordel.
Det er ynskjeleg med kompetanse innan basisfaga.
Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

Vi ynskjer tilsette som:
- er innstilte på samarbeid og som har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.
- er fleksible og har godt humør.
- trivst saman med elevar og føresette.
- er gode på gruppeleiing.
- er engasjerte, kreative og løysningsorienterte.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk. Ver merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentlege, sjølv om søkjarane har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Om oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjarar bli varsla om dette.
Arbeidsstokken i Finnøy kommune skal spegla mangfaldet i befolkninga, og vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja på stillingar hjå oss.

Vi tilbyr

Stillingsbrøk: 100%
Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman 3200. Om sommaren dobler dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til en attraktiv plass å leve. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg om lag 35 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og Saman for folk i Finnøy er vår visjon. Det er om lag 240 årsverk tilsett i verksemda Finnøy kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Sjernarøy oppvekstsenter, 4170 Sjernarøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

undervisning,, lærer,, skole,, opplæring,, kurs

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Særvoll
Stillingstittel
rektor
Telefon
90 13 24 10
Følg firma
8 følger dette firmaet

Sjernarøy oppvekstsenter, 4170 Sjernarøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 88559505
Sist endret 6. jan. 2017 09:31

Rapporter annonse