Utløpt

Eigedomsforvaltar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal
Stillingstittel
Eigedomsforvaltar
Frist
28.01.2017
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsstad f.t. Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging - Avdeling for teknologi og utvikling - Klinikk for drift og eigedom 

Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er frå 1.1.2017 ein seksjon i Avdeling for teknologi og utvikling. Seksjonen sine oppgåver er knytta til forvaltning av all eigendom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og behandlingssentra og med eit samla areal på ca. 250.000 m2. Seksjonen har også ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak i tilknytning til bygga. Seksjonen har for tida 7 tilsette. 

Vi har no ledig stilling som eigedomsforvaltar i 100% stilling i helseføretaket. 

Det forutsettast at nye medarbeidarar sluttar seg til Helse Møre og Romsdal HF sine verdiar. Vi gjer oppmerksom på at alle søkjarar til stillinga kjem på offentlig søkerliste, jf. Offentlighetsloven § 25. Fritak frå offentliggjering gjerast berre unntaksvis, og ønskje om dette må begrunnast i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Eigedomsforvaltar rapporterer direkte til seksjonsleiar og følgjande oppgåver er knytt til stillinga: Oppfølging og gjennomgang av innhald og økonomi i alle leigeavtalar internt og eksternt. Utarbeiding og videreutvikling av prosedyrer for utleigeverksemda.
  • Følgje opp føretaket sine oppgåver knytt til kjøp og sal av eigedomar.
  • Ivareta innhald og oppfølging av forsikringer av bygg og anlegg, utgifter knytta til offentlige avgifter, energikostnader etc. for bygningane.
  • Sekretær for arealutvala ved dei ulike sjukehusa.

Kvalifikasjonar

  • Universitets-/ høgskuleutdanning innan bygg/anlegg eller annan relevant fagkombinasjon.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanning.
  • Relevant arbeidspraksis og kjennskap til offentlig forvaltning er ønskelig.
  • Det vil bli lagt vekt på eigenskaper innan følgjande område: faglig innsikt, serviceinnstilling, sjølvstendig arbeide, datakunnskaper og evne til god skriftlig og muntlig framstillingsevne.
  • Arbeidet i seksjonen er prega av høg aktivitet og mykje samhandling, det er derfor viktig å ha evner til god kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode muligheiter for eigen kompetanseutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid
  • Pensjonsordning. Det trekkast 2% av lønn til innskudd i KLP
  • En hyggelig arbeidsplass i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Arbeidsstad er for tida Molde

Om arbeidsgiveren


Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Sektor
Offentlig
Sted
6412 Molde
Bransje
Eiendom,
Offentlig administrasjon,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Saksbehandler

Nøkkelord

økonomi, utleigeverksemda, eigedomar, bygningsmessige tiltak

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf Jens Strømsheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
97 06 70 12
Følg firma
407 følger dette firmaet

6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 88444388
Sist endret 4. jan. 2017 09:03

Rapporter annonse