Utløpt

PPT-rådgjevar for Ytre Sogn og -Sunnfjord

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune - Oppvekst
Stillingstittel
PPT-rådgjevar for Ytre Sogn og -Sunnfjord
Frist
15.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hyllestad Kommune
Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar PPT/ spesialpedagog frå snarast.

PP-tenesta er for barn og ungdom som har ein vanskeleg opplærings- eller oppvekstsituasjon, og arbeidet vil vere retta mot både skule og barnehage.

PPT-kontoret i Hyllestad er ein del av PPT-regionen for Ytre Sogn og Sunnfjord. Regionen har ca. 10 årsverk fagstillingar + kontorstilling, som er fordelt på samarbeidskommunane og Fylkeskommunen.

Arbeidsoppgåver

  • PP-tenesta i regionen har tett fagleg samarbeid, faste møtedagar på skulane og barnehagane, og jobbar både på individnivå og på systemnivå.
  • Som spesialpedagog vil du hjelpe skulen eller barnehagen med kompetanseutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn med særskilde behov. Ein vil òg arbeide med vurdering av om det er behov for spesialundervisning eller andre spesialpedagogiske tiltak, tidleg eller utsett skulestart og opptak til vidaregåande skule på særskilt grunnlag. Råd til vaksne i grunnskuleopplæringa er òg aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer helst søkjarar med erfaring innan PP-tenesta. Testkompetanse og erfaring frå arbeid i PPT, samt kompetanse på framandspråklege er ein fordel.
  • Vi ønskjer oss ein medarbeidar med motivasjon og interesse for å gå inn i tverrfagleg samarbeid.
  • Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
  • Opplæringsmålet i regionen er nynorsk.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad
  • Pedagogikk

Eigenskapar

  • Det vil bli sett høge krav til fleksibilitet, god arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner, samt personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Tilsetting etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Det vert stilt krav om politiattest.
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren


Hyllestad  kommune ligg i ytre Sogn - ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen. Kommunen har omlag 1400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode jakt og fiskevilkår. Her er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre organiserte aktivitetar som turlag, idrettslag, kulturskule, kor, biljardklubb, bogeskyting, dykkarklubb, 4-H, Røde Kors lokallag.  Les meir her

Sektor
Offentlig
Sted
Kommunehuset, 6957 Hyllestad
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gjermund Flage
Stillingstittel
Oppvekstsjef
Telefon
93 12 87 80
57 78 95 46
Kontaktperson
Berit Louise Bjørnsen
Stillingstittel
PPT-leiar
Telefon
57 71 15 74
Følg firma
15 følger dette firmaet

Kommunehuset, 6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 88193705
Sist endret 29. des. 2016 15:38

Rapporter annonse