Utløpt

Sentral rolle i eit selskap og ein bransje i sterk vekst:

Arbeidsgiver
Osland Havbruk AS
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Frist
25.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS

Osland Havbruk driv eit kontinuerleg arbeid for å oppnå ein miljømessig berekraftig produksjon. Som Kvalitetsleiar vil du få ei sentral rolle for bidra til at selskapa produserer trygg og god sjømat for å gi kundane ein smak av Sognefjorden . Kvalitetsleiar vil dagleg arbeide tett opp mot driftsleiarane og CEO, og vil utgjere ein nøkkelfunksjon i selskapet.

Saman med våre dyktige medarbeidarar skal du bidra til at selskapa har eit kvalitetsarbeid som bidrar til berekraft, god fiskevelferd og rasjonell og effektiv produksjon.

Ansvarsområde:

  • Overordna fagleg ansvar for vurdering, implementering og oppfølging av HMS, kvalitets- og internkontrollsystem
  • Ansvarleg for at selskapet til ei kvar tid har prosedyrar som er i samsvar med interne og eksterne krav
  • Ansvarleg for oppfølging av skader og hendingar
  • Ansvarleg for HMS-opplæring
  • Vere ein pådrivar for kontinuerleg kvalitetsforbetring
  • Ansvarleg for at ein til ei kvar tid har prosedyrar som sikrar alle krav til kvalitet og dokumentasjon
  • Kontakt med kundar i kvalitetsrelaterte spørsmål
  • Ansvarleg for interne og eksterne revisjonar slik at sertifikat og godkjenningar vert opprettheldt 

Vi søker deg som:

  • Har høgare relevant utdanning
  • Fortrinnsvis har erfaring med oppdrett eller næringsmiddelproduksjon
  • Har erfaring og interesse for kvalitetsarbeid
  • Er målretta, strukturert og nøyaktig
  • Har gode munnleg og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter både på norsk og engelsk

Vi kan tilby:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit selskap i sterk utvikling
  • Ein nøkkelfunksjon i eit innovativt selskap
  • Eit arbeide i eit stort fagleg nettverk regionalt og nasjonalt.
  • Konkurransedyktig løn og gode personalordningar 

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Erik Osland, CEO i Osland Havbruk, på mob 97551707.  For å registrer søknad kan dette gjerast på vedlagt link, eller på www.osland.no (jobb).

Søknad sendast innan 25 januar 2017

Om arbeidsgiveren

Osland Havbruk AS er eit av landets eldste fiskeoppdrettselskap. Lokaleigd av tredje generasjon Osland. Hovudkontor i Bjordal med gode lokalitetar i Høyanger kommune sin del av Sognefjorden. Selskapet har fire matfiskkonsesjonar og ein stamfiskkonsesjon. Dotterselskapet vårt, Osland Settefisk AS, har to konsesjonar på til saman 3,5 millionar smolt. Selskapa har sin produksjon i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane og er i dag omlag 30 tilsette. Selskapet er ein aktiv medeigar i nettverket SalmonGroup og salsselskapet Seaborn.

Sektor
Privat
Sted
5962 Bjordal
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Matvareproduksjon og -industri,
Olje og gass
Stillingsfunksjon
Kvalitetssikring,
Revisjon og kontroll,
Analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Osland
Telefon
97 55 17 07
Følg firma
770 følger dette firmaet

5962 Bjordal

Annonseinformasjon

FINN-kode 88008705
Sist endret 23. jan. 2017 10:31

Rapporter annonse