Utløpt

Ostertunet søkjer ny leiar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Einingsleiar institusjonstenesta
Frist
15.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Osterøy kommune søkjer einingsleiar ved Osterøytunet. Einingsleiar vil vera med å utvikla ei moderne og spanande institusjonsteneste for framtida. Vi søkjer ein leiar som klarer å planlegge og gjennomføre prosessar, gjennom tilgjengeleg kompetanse hos det personale vi har knytt til våre tenester. Vi vil ha ein leiar som kan arbeide med å finne optimal driftsmodell innan tilgjengelege ressursar

Leiargruppa i sektoren arbeider tett saman, og vi skal i tida som kjem sjå på korleis vi kan arbeide med ei meir hensiktsmessig organisering av sektoren. Difor må den vi søkjer ha god erfaring frå slike prosessar, sjå viktigheten av tett leiarskap ogsamstundes klare å arbeide overordna med målsettingane vi utarbeider. . Kommunen satsar på leiarutvikling og ynskjer ein leiar som er god på å leie gjennom andre. I sektor for helse, omsorg og sosial legg vi stor vekt på samarbeidet med tillitsvalde og verneombod. Leiaren vi søkjer må ville og evne til å samarbeide på tvers.

Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 66 einerom fordelt på sju bueiningar. Vi har fokus på aktivitet og ernæring, og ønskjer å legge til rette for ein meiningsfylt kvardag for dei som bur og arbeider her. Vi har kommunalt kjøkken vedtunet, nattenesta for kommunen ligg og til denne eininga. Totalt har Osterøytunet ca 65 årsverk, fordelt på ulike stillingsbrøkar. Noverande organisering er framleis under etablering, og vil krevje merksemd i tida framover.

Osterøy kommune søkjer ein leiar som er tydeleg og trygg, med gode evner til relasjonsbygging og delegering avoppgåver. Det er ei eining i stadig endring og leiaren treng god organisasjonsforståing og vilje- /erfaring til å stå iendringsprosessar.

Einingsleiar arbeider på delegerte fullmakter frå sektorleiar og har eit sjølvstendig delegert budsjett- økonomi- og personalansvar. Einingsleiar representerer kommunen i aktuelle nettverk

 

Du må ha

Høgskule eller universitetsutdanning frå Helse-/omsorgsfeltet,

Leiarutdanning og /eller erfaring med administrasjon og strategisk personalleiing

Erfaring med å leia krevjande driftsorganisasjonar

 

Du

Har fokus på å leia og videreutvikla tenesta og sektoren

Er tydelig, trygg og har gode evner på relasjonsbygging

Er sjølvstendig og ansvarsbevisst

Har god økonomiforståing og kan sikra optimal drift etter fastsette budsjettforutsetjingar

Kan kommunisera godt munnleg og skriftleg

Har evne til å inspirera og motivera kompetente medarbeidarar

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Administrasjonsmålet er nynorsk

 

Vi tilbyr

Ein spanande og utfordrande stilling

Gode arbeidsverktøy som forenklar kvardagen

Godt arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Løn etter avtale

Osterøy kommune er ei IA-bedrift

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontaktmed servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Hatland, 5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Ruud Myking
Stillingstittel
Nestleiar helse omsorg og sosial
Telefon
56 19 21 19
99 01 00 87
Kontaktperson
Nina Kvamme
Stillingstittel
Einingsleiar Institusjonstenesta
Telefon
56 19 25 00
95 12 06 65
Følg firma
173 følger dette firmaet

Hatland, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 87986276
Sist endret 22. des. 2016 13:52

Rapporter annonse