Utløpt

Einingsleiar - Helsetenester

Arbeidsgiver
Finnøy kommune - Helse og omsorg
Stillingstittel
Einingsleiar - Helsetenester
Frist
03.01.2017
Ansettelsesform
Fast
Finnøy kommune har ledig stilling som einingsleiar for helsetenester. Einingsleiar rapporterar til kommunalsjef helse og omsorg, og har delegert leiaransvar innan tenesteområdet helsetenester i Finnøy kommune.



Til eininga helsetenester ligg eit vidt spekter av helse- og sosialfaglege tenester, som helsestasjon, skulehelseteneste, psykriatrisk sjukepleiar, psykolog, fysioterapi- og ergoterapitenester. Dessutan vil flyktningetenesta, samarbeid med NAV og koordinerande eining bli lagt til stillinga. Som einingsleiar vil du ha ansvar for drift og utvikling av tenesteområdet. Viktige mål framover vil vere tenesteutvikling innafor gitte økonomiske rammer, styrking av tverrfagleg samarbeid i kommunen og på tvers av kommunane, og vidare arbeid kring integrering av flyktningar.

Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk. Ver merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentlege, sjølv om søkjarane har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Om oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjarar bli varsla om dette.

Stillinga vert lyst ledig under føresetnad av at kommunestyret stadfester formannskapet si innstilling til budsjett.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og riktig utnyting av tenestetilbodet, samt koordinator for kommunen sitt tverrfaglege arbeid med folkehelse
  • Vidareutvikling av fag, kvalitet og profesjonalitet på dei ulike tenesteområda
  • Delegert mynde for fag, økonomi og medarbeidarar på tenesteområdet
  • Utvikling av planar og utgreiing av saker til politiske utval

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg utdanning
  • Erfaring frå helse- og sosialsektoren
  • Dokumentert erfaring frå systematisk tiltaks- og utviklingsarbeid innan helse- og sosialområdet
  • Helse- og sosialfagleg leiarkompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Arbeidsstokken i Finnøy kommune skal spegla mangfaldet i befolkninga, og vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja på stillingar hjå oss.

Utdanning

  • Helsefag
  • Høgskule / Universitet
  • Medisin / Helse/ Sosialfag

Eigenskapar

  • God gjennomføringsevne og flink til å jobbe sjølvstendig
  • Gode samhandlings- og samarbeidsevner
  • Ein dette får me til haldning
  • God på relasjonar og godt humør

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman drygt 3200. Om sommaren dobler dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til en attraktiv plass å leve. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg om lag 35 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og «Saman for folk i Finnøy» er vår visjon. Det er om lag 315 tilsette som til saman utgjer 230 årsverk i verksemda Finnøy kommune.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Finnøy rådhus, 4160 Finnøy
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Bleie Skeiseid
Stillingstittel
kommunalsjef
Telefon
51 71 47 80
95 89 84 08
Følg firma
8 følger dette firmaet

Finnøy rådhus, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 87583209
Sist endret 12. des. 2016 14:56

Rapporter annonse