Utløpt

Ansvarleg redaktør/dagleg leiar

Arbeidsgiver
Møre-Nytt AS
Stillingstittel
Ansvarleg redaktør/dagleg leiar
Frist
10.01.2017
Ansettelsesform
Fast

Noverande ansvarleg redaktør ønskjer å gå tilbake i stillinga som journalist. Styret i Møre-Nytt har difor vedteke å gå over til eineleiar-modell, og søkjer i det høvet etter ansvarleg redaktør/dagleg leiar.

Endringane i medielandskapet er store og vi arbeider i ein spennande bransje. Vår posisjon og samfunnsrolle i Ørsta og Volda er unik. Vår nye leiar får eit samla leiaransvar for redaksjonell drift og utvikling - i tillegg til overordna ansvar for reklamesal og administrasjon i avisa. Lesarmarknadsarbeid og administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar hos eigar Sunnmørsposten. Du vil rapportere til styret i Møre-Nytt. 

Leiaren skal vere ein tydeleg, samlande og inspirerande ressurs i vidareutviklinga av Møre-Nytt sitt medietilbod i alle kanalar. Leiaren skal sjølv vere ein aktiv bidragsytar i dette medietilbodet, og må vere ein pådrivar i arbeidet med den digitale transformasjonen i mediehuset. Som leiar i Møre-Nytt vil du få ein allsidig, hektisk og spennande kvardag. Det er difor viktig at du er god til å prioritere, og har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane.

Vi søkjer etter ein person med gode leiareigenskapar, som har mot til nytenking, og har evne til å tenke strategisk og arbeide operasjonelt. Du er ein samfunnsengasjert person som ser og forstår Møre-Nytt si rolle i lokalsamfunnet.

Vi søkjer deg som:
- har god journalistisk teft
- er opptatt av resultat og kvalitet
- har god kommersiell forståing
- er analytisk og strategisk
- har gode samarbeidsevner
- evner å arbeide sjølvstendig
- er kreativ og nysgjerrig

Du er ein røynd skrivande journalist. Det er ønskjeleg at du har redaksjonell leiarerfaring, men det er avgjerande at du har ambisjonar som leiar. Vår nye leiar har ei god vurderingsevne i presseetiske og publisistiske spørsmål. Du har relevant høgare utdanning. Du har stor interesse for digitaliseringa som skjer i samfunnet og media spesielt. Møre-Nytt er ei nynorskavis - og vår nye redaktør må ha ei trygg forankring i bruk av nynorsk. Som leiar i Møre-Nytt ønskjer vi at du bur i Ørsta eller Volda.

Vi tilbyr ein kreativ og god arbeidsplass i ei utviklingsorientert avis med ein sterk marknadsposisjon. Som ein del av Sunnmørsposten og Polaris Media er det gode moglegheiter for karriereutvikling i konsernet. Du vil ta del i fagleg samarbeid i konsernet, og vil kunne nytte seg av det nettverket som blir utvikla gjennom dette. Vi kan tilby konkurransedyktig løn, god pensjonsordning og gode velferdstilbod. Møre-Nytt har kontor i Ørsta. Sunnmøre byr på unike friluftstilbod heile året.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.

For meir informasjon, ta kontakt med HAMNØY AS ved rekrutteringsrådgjevar Jan Tore Hamnøy, telefon 41 10 22 00. Du kan også ta kontakt med styreleiar Lidvar Flydal på telefon 92 68 55 26. Tillitsvald i redaksjonen er Roy-Arne Folkestad, telefon 45 69 28 37.

Du viser interesse for stillinga ved at du snarast registrerer CV og søknad. Alle førespurnader vert behandla konfidensielt.

Søknader vert handsama så snart dei inn.

Om arbeidsgiveren

Møre-Nytt kjem ut i Ørsta og dekkjer kommunane Volda og Ørsta. Møre-Nytt når dagleg 10.000 lesarar på papir, nett og mobil. I 2015 var driftsinntektene på 16,2 millionar kroner. Avisa er eigd av Sunnmørsposten AS og er ein del av Polaris Media-konsernet. Møre-Nytt vart starta av familien Bergmann i 1935. For meir informasjon, sjå morenytt.no.

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Parkvegen 2, 6151 Ørsta
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Journalist

Nøkkelord

lokalavis, journalistikk, ledelse, sunnmøre, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tore Hamnøy
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
41 10 22 00
Nettverk
LinkedIn Twitter
Følg firma
113 følger dette firmaet

Parkvegen 2, 6151 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 87391315
Sist endret 9. des. 2016 17:02

Rapporter annonse