Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Lekker bustad oppført i 2014 - eit plan i første etasje - garasje.

Kart med kartnålKinnvegen 84A, 6900 Florø
Prisantydning2 700 000 kr
Kommunale avg.
12 690 kr per år
Formuesverdi
629 150 kr
Verditakst
2 900 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Tomannsbolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
2
Primærrom
91 m²
Bruksareal
91 m²
Byggeår
2014
Energimerking
B - Rød
Tomteareal
761 m² (eiet)
Bruttoareal
100 m²

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Kinnvegen 84A
6900 Florø

Lokalitet

Ta kontakt for vising!
Denne lekre bustaden framstår som ny. Uteområdet er opparbeidd med terrasse rundt bustaden samt ein koselig overbygd terrasse/hagestove. Plen mot sør. Sørvendt og solrik eigedom som ligg ca. 1,6 km frå sentrum. Kort avstand til det flotte frilufts/badeområde på Sørstand. Barnevennleg område med leikeplasser/barnehage i nærleiken.

Innhald

Bustaden er på eit plan i første etasje, har god planløysing og inneheld: felles gang/trapperom med andre etasje, entre, 2 soverom, bad/wc, teknisk rom/vaskerom, kjøkken og stove med utgang til terrasse/hage. Garasje og hagestove.
Bustaden har pr. idag 2 soverom. Noverande eigar kan om kjøpar ønskjer det, sette opp vegg slik seksjonsteikningane viser. Då vert det 3 soverom i bustaden.

Standard

Bustaden er oppført i 2014. Den har ein god standard og er bygt etter TEK 10.
Ikea kjøkkeninnreiing (grå) med integrerte kvitevarer (induksjon platetopp, komfyr, ventilator, oppvaskmaskin, kjøl/frys)
Badet har flislagte golv og flisimiterte baderomsplater på veggar. 120 cm baderomsinnreiing + høgskåp med heilstøypt porselensvask med speil og armatur over. IR (infrarød) sauna/steam dusjkabinett, veggfesta wc.
Vaskerom/teknisk rom har våtromsbelegg på golv og flisimiterte baderomsplater på veggar. 200l v.v tank, røyr i røyr system med fordelingsskåp på vaskerom/teknisk rom. Balansert ventilasjon med varmevekslar, agregat plassert på vaskerom/teknisk rom.
Alle rom i bustaden unntatt våtrom har flytande 12 mm Mammut laminatgolv.
Veggar utanom våtrom har slette måla overflater (gips og spon). Takessplater i himling.
Det er innfelt belysning med ledlys i entre, stove og kjøkken. Det er lagt inn fiberkabel.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Horisontaldelt tomannsbustad. Bustaden ligg i første etasje, er oppført etter TEK 10 med støypt isolert plate på mark. Ytterveggar er av 250 mm veggar med 198 mm trestenderverk, påfora med 50 mm og isolert med 200 mm + 50 mm min. ull. Asfaltplater, lekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonssperre og gipsplater. Takkonstruksjon er pulttak med tre-sperr, finerplater, gummimembran og lakkerte AL-plater. Innvendig isolasjon, diffusjonsperre og gipsplater. Vindauge med 2-lags energiglass. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 16.11.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 91 kvm, Bruksareal: 91 kvm, Bruttoareal: 100 kvm
Alle rom er P-rom.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 91 m2. I tillegg kjem garasje og hagestove.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Parkering i garasje eller på eigedomen.

Tomt

Areal: 761 kvm totalt i sameige. Eigarform: Fellestomt i sameige.
Vedtektene regulerer fordelinga av utearealet.

Regulering/offentleg godkjenning

Bustaden ligg i område regulert til bustad.

Veg, vatn, avløp

Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter B

Tilkomst

Lett tilkomst utan trapper.

Oppvarming

Det er termostatstyrte varmekablar i fellesgang/trapperom, bad/wc og vaskerom/teknisk rom. Det er luft til luft varmepumpe i stove.
Moglegheit for vedomn.

Kommunale avgifter

Kr. 12 690 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 629 150 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 761 619 per 31.12.15

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 21.04.2015/19.08.2016. Desse ligg vedlagt.

Felleskostnader

Det er ikkje lagt opptil faste felleskostnader. Ytre vedlikhald av bustad og fellesareal vert fordelt mellom partane.

Opplysningar om sameige.

Sameige Kinnvegen 84 A består av 2 seksjonar.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.

Rekneskap/vedtekter

Sameiget er enkelt organisert utan felleskostnader.

Godkjenning/forkjøpsrett

Overdraging av seksjon må meldast styret for godkjenning.

Legalpant

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.

Utleige

Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Utleige av seksjon må meldast styret for godkjenning.

Forsikring

Eigedomen har felles forsikring med snr. 2. Totalt for heile bustaden er denne på ca 5.000,- som vert delt på to. Kjøpar må sjølv teikne innbuforsikring.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Greta Halvorsen

Eigedomsmeklar MNEF

Send melding

Annonseinformasjon

FINN-kode87079468
Sist endret03. apr. 2017 12:15
Referanse1160131

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.