Kommunikasjonsrådgivar - engasjement
- Arbeidsgiver
- Kystverket - Kystverkets hovudkontor
- Stillingstittel
- Kommunikasjonsrådgivar - engasjement
- Frist
- 28.11.2016
- Ansettelsesform
- Engasjement
Stab for kommunikasjon og samfunnskontakt i Kystverket har det overordna ansvaret for kommunikasjon og informasjon både internt og eksternt. Staben skal gi kommunikasjonsfagleg støtte i saker og prosjekt med strategisk rådgiving og praktisk gjennomføring i forhold til god og effektiv kommunikasjon og informasjon. I tillegg skal stabsfunksjonen medvirke i samband med hendingar og aksjonar knytt opp mot sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining.
Kystverket har søkt EU om støtte til gjennomføring av ei stor internasjonal øving i 2017 - SCOPE 2017 (Skagerrak Chemical and Oil Spill Exercise 2017). Vi søkjer ein person som skal ha ansvaret for kommunikasjonsoppgåver og kommunikasjonsfagleg rådgiving innanfor dette prosjektet, samt for prosjekt U-864. U-864 er det tyske ubåtvraket som ligg utanfor Fedje i Hordaland.
Stillinga er eit engasjement frå 01.01.17 t.o.m. 31.12.17 med moglegheit for forlenging til september 2018. Arbeidsstaden er for tida Horten. Ein del reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Kommunikasjonsfagleg rådgiving
- Arbeide opp i mot media og produksjon
- Formidling av innhald på Kystverket sine digitale kanalar innanfor prosjekt U-864 og øvinga SCOPE 2017
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning
- Ønskeleg med høgare utdanning innan kommunikasjon eller journalistikk
- Erfaring innan strategisk kommunikasjon er ein fordel
- Ønskeleg med erfaring innan nettjournalistikk for større verksemder
- Ønskeleg med erfaring frå statleg sektor
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
Utdanning
- Høgskule / Universitet
- Journalistikk/kommunikasjon
Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Arbeide sjølvstendig
- Kreativ og engasjert
- Som redaksjonell medarbeidar bør du vere god på relasjonsbygging, ha gode kommunikasjonsevner, vere omgjengeleg, kunne arbeide under tidspress
- Ha positiv drivkraft både i beredskapseiningane og i utviklingsstaben for kommunikasjon
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter i denne perioden
- Fleksibel arbeidstid
- Stillinga vil bli løna som rådgivar/seniorrådgivar, stillingskode 1434/1364, lønnstrinn 60 - 66
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Kystverket har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstyrken skal spegle samansettinga i befolkninga, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Difor vert kvinner og personar med minoritetsbakgrunn særskilt oppmoda om å søke
Om arbeidsgiveren
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinstallasjonar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Moloveien 7, 3187 Horten
- Bransje
- PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon
- Journalist
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Solveig Moe Frøland
- Stillingstittel
- Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
- Telefon
- 92 20 80 89
- Kontaktperson
- For evt. kontakt etter 25.11.: Johan Marius Ly
- Stillingstittel
- Beredskapsdirektør
- Telefon
- 95 70 93 35
Følg firma
1216 følger dette firmaet
Moloveien 7, 3187 Horten