Utløpt

Einingsleiar i heimetenesta

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Einingsleiar i heimetenesta
Frist
20.11.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga

Osterøy kommune søkjer einingsleiar for heimetenesta. Einingsleiar vil vera med å utvikla ei moderne og spanande heimeteneste for framtida. Einingsleiar arbeider på delegerte fullmakter frå sektorleiar og har eit sjølvstendig delegert budsjett- økonomi- og personalansvar. Stillinga skal søgja for at tenesteområdet ber preg av gode og velrøynde metodar og måtar å utføre fagfeltet på.

Heimetenesta i Osterøy har fokus på gode tenester til tenestemottakarane. Heimetenesta servar Osterøy med heimesjukepleie, praktisk bistand, dagavdeling for personar med demens, bufellesskapet på Osterøytunet, BPA og butiltak. Totalt ligg det om lag 50 årsverk til heimetenesta.

Osterøy kommune søkjer ein leiar som er tydelig og trygg, med gode evne til relasjonsbygging og delegering av oppgåver. Det er ei eining i endring og leiaren treng god organisasjonsforståing og vilje- /erfaring til å stå i endringsprosessar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Økonomiansvar
  • Personalansvar
  • Fagleg ansvar
  • Ansvar for at tenesta blir utført i samsvar med lovverk
  • Videreutvikla tenestene for å møta framtidige behov

 Einingsleiar er ein del av leiargruppa i sektoren og representerer kommunen i aktuelle nettverk

 

Vi søkjer

 Du må ha

  • høgskule eller universitetsutdanning frå Helse-/omsorgsfeltet
  • leiarutdanning og /eller erfaring med administrasjon og strategisk personalleiing
  • erfaring med å leia krevjande driftsorganisasjonar

 

Du

  • Har fokus på å leia og videreutvikla heimetenesta
  • Er tydelig, trygg og har gode evner på relasjonsbygging
  • Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Har god økonomiforståing og kan sikra optimal drift etter fastsette budsjettforutsetjingar
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Kan kommunisera godt munnleg og skriftleg
  • Har evne til å inspirera og motivera kompetente medarbeidarar

 Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande stilling
  • Gode arbeidsverktøy som forenklar kvardagen
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn etter avtale
  • IA-bedrift

 

Søknad

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

 

 

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Hatland, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Kontor og administrasjon,
Ledelse

Nøkkelord

påverknad, utvikling, samarbeid, meiningsfull, leiing

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Ruud Myking
Stillingstittel
Konstituert sektorleiar
Følg firma
173 følger dette firmaet

Hatland, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 85401000
Sist endret 2. nov. 2016 12:12

Rapporter annonse