Bildegalleri
Leilegheit med sentral beliggenheit - eit plan - to soverom.
Havrenesvegen 43, 6900 FlorøPris på lån: fra 6 199 kr/mnd
Eff.rente 5,96 %. 980 000 o/25 år. Kostnad: 879 700 kr. Totalt 1 859 700 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Andel
- Soverom
- 2
- Primærrom
- 66 m²
- Bruksareal
- 72 m²
- Byggeår
- 1968
- Energimerking
- G - Mørkegrønn
- Tomteareal
- 3 432 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 76 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Havrenesvegen 43
6900 Florø
Lokalitet
3 roms leilegheit i Vonheim Burettslag. Bustaden ligg ca 700 m frå Florø sentrum. Det er kort veg til Flora Ungdomsskule og idrettshall, fine turstiar i Storåsen. Storskiosk og busstopp like ved bustaden.
Innhald
Bustaden er på eit plan og inneheld: vindfang, gang, 2 soverom, bad/wc/vaskerom, kjøkken og
stove med utgang til vestvendt balkong. Bod i kjellar.
Standard
Bustaden har takhøg kjøkkeninnreinng, kirsebærfrontar. Integrert komfyr med platetopp (1 plate defekt) og oppvaskmaskin. Ny benkeplate i 2016. Badet har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Baderomsinnreiing, dusjhjørne (nytt 2016) og wc.
Elles i bustaden er det på golv: flytande eikeparkett og laminatgolv. På veggar er det tapet og mdf plater. I himling er det måla panel, mdf-bord og takessplater. Sikringskåp med automatsikringar, jordfeilbrytar og overspenningsvern i fellesgang u.etg. Felles parabol i u.etg.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Kjøeskåp, vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Burettslaget er oppført i 1968. Støypt betongsole med betongveggar i u. etg. 3 sider, og med 100 mm trestenderverk i front og heile 1. etg. utvendig kledd med asfaltplater og kledning. Innvendig plast og plater. Trebjelkelag 1. etg. og stubbgolv i u. etg. Plassbygte takstolar, sutaksbord, papp, sløyfer, lekter og betongstein. 2-lags isoler vindauge frå 1994. Utvendig fabrikkmåla dører. Standard terrassedør. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 28.10.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 66 kvm, Bruksareal: 72 kvm, Bruttoareal: 76 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 72 m2
U.etg: 6m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på fellesareal i burettslaget.
Tomt
Areal: 3 432 kvm, Eierform: Fellestomt i burettslaget.
Balkong på ca. 15 m2 mot vest. Det er ein liten hage med platting ved inngangsparti. Opparbeidd med plen. Asfaltert gangveg.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter G
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Vannboren varme til radiatorer frå felles luft til vann varmepumpeanlegg. Driftskostnader er inkludert i fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 365 620 per 31.12.14
Likningsverdi som sekundærbustad kr 877 487 per 31.12.14
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Vonheim Borettslag, Orgnr.: 951095869. Vonheim burettslag har tilsaman 24 andelar.
Andelsnr.: 1186
Andel fellesgjeld: kr. 59.435,-
Andel fellesformue: kr. 18.614,-
Lånevilkår for Vonheim burettslag:
Sparebanken Vest.
Restgjeld pr. 21.10.2016: kr. 1.165.760,-
Rente p.t.: 2,95 % - flytande rente
Berekna nedbetaling år: 2021
Felleskostnader
kr. 3 539 pr. mnd.
Månadlege felleskostnader fordelar seg slik:
Rente: kr 212,-
Avdrag: kr 743,-
Drift: kr 2.584,-
Felleskostnadane inkl. bl.a. renter og avdrag på andelen sin del av fellesgjeld. Forsikring, kommunale avgifter, honorar, eigedomsskatt, drift. Ytre vedlikehald så langt plikta ikkje ligg på andelseigar.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Vonheim burettslag er tilslutta BOB.
Forkjøpsrett
Forkjøpsretten er avklara.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Bustaden er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.