Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Triveleg bustad i attraktivt område

Kart med kartnålBekkefaret 1, 6900 Florø
Prisantydning3 300 000 kr
Kommunale avg.
23 837 kr per år
Formuesverdi
791 184 kr
Verditakst
3 300 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
4
Primærrom
189 m²
Bruksareal
246 m²
Byggeår
1964
Energimerking
G - Gul
Tomteareal
1 076 m² (eiet)
Bruttoareal
269 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Bekkefaret 1
6900 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg ca 1,5 km frå Florø sentrum. Eigedomen ligg lunt og fint til i eit etablert bustadfelt. Her har ein kort veg til skule, barnehage, butikk og flott turterreng i Brandsøyåsen. Ein går eller syklar og til Florø sentrum på gode sykkel og gangvegar. Solrikt og barnevenleg.

Innhald

Bustaden er på to plan og inneheld i hovudetasjen stove, kjøkken, spisestove, mellomgang, tre soverom, bad/wc og vindfang. Luke i tak i mellomgang med nedtrekkbar stige til loft.
Underetasjen inneheld kjellarstove, vaskerom, dusj/wc, eit soverom, snekkarbod og tre boder.

Garasje sett opp i 1979 med eit BRA på 33 m2. Den har garasjerom og bod.

Standard

Kjøkkeninnreiing er plassbygd frå byggeår med heildekkande ståloppvaskbenk og laminat benkeplate.
Innvendige veggar har i hovudetasjen oveflater av panelbeisa panel, målte plater, tapet, målt glasfiberstrie, koreaplater og baderomsplater på bad/wc. Veggar i underetasjen har overflater av synlege sementsteinsblokkeri snekkerbod og ei bod, målt panel, svidd panel i kjellarstove, baderomsplater i dusj/wc. Målt puss og panel resten.
Himlingar har målte tak, panel, panelbeisa panel og målte flater.
Golva har i hovudetasjen overflater av flisar på bad/wc, flytande eikeparkett, vinylbelegg og lakkerte tregolv . Underetasjen har betong i snekkarbod og ei bod. Lakkert tregolv i kjellarstove og soverom. Flisar på dusj/wc og vinylbelegg på resten.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bustaden har ytterveggar i isolert stenderverk over grunnmur av murte sementssteinblokker over betongsåle på kultfylling ti fjell. Ytterveggar har værhud av panel over grunnmur. Yttertak har tekking av betongstein. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 17.06.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 189 kvm, Bruksareal: 246 kvm, Bruttoareal: 269 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 130 m2

Underetasje: 116 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

På eigedomen

Tomt

Areal: 1 076 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er fint opparbeidd med hage med grøtareal og beplantning. Hekk rundt heile eigedomen. Innkjørsel og gardsplass med singel.
Eigedomen har flaggstang. Sørvestvendt og solrik eigedom. Barnevenleg område.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader.

Veg, vatn, avløp

Offentlege med private stikkleidningar

Energimerking

Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G

Tilkomst

Tilkomst frå offentleg veg via privat veg.

Oppvarming

Termostatstyrte varmekablar i dusj/wc og på bad/wc.
Åpen murt teglsteinspeis i kjellarstove. Teglsteinspeis med innsats i stova samt ein Wikking peisovn i stova. I spisestova er det ein vedovn av typen Jøtul 602.
Innstallert luft til luft varmepumpe.

Kommunale avgifter

Kr. 23 837 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 791 184 per 31.12.14
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 898 840 per 31.12.14

Ferdigattest

Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune frå byggeår. Dei har ikkje dette i sine arkiv på eldre eigedomar.
Det føreligg ferdigattest frå 01.11.1983 vedrørande tilbygg. Den ligg vedlagt

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode85122676
Sist endret13. nov. 2016 14:19
Referanse1160113

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.