Utløpt

Helse- og omsorgssjef

Arbeidsgiver
Hyllestad kommune - Rådmann
Stillingstittel
Helse- og omsorgssjef
Frist
20.11.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hyllestad Kommune
Helse- og omsorgssjefen vår har diverre meldt frå om at han no ønskjer å ta ut pensjon. Vi er difor på jakt etter ein ny kommunalsjef frå august 2017.

Helse- og omsorgssjef har det overordna ansvaret for helsetenestene og omsorgstenestene i kommunen.Som helse- og omsorgssjef vil du vere med å vidareutvikle velferdstenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, motivere og vidareutvikle medarbeidarane
  • Nødvendig planlegging/planarbeid
  • Folkehelsearbeid
  • Samordning og kvalitetsutvikling av tenestene
  • Delta i kommunen si kriseleiing og vere leiar for det psykososiale kriseteamet
  • Helse- og omsorgssjefen rapporterer til rådmannen og er ein del av rådmannen si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Du bør ha relevant utdanning innan fagområdet helse og/eller sosial, helst med vidareutdanning i leiing.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad

Eigenskapar

  • Vi ser etter ein strukturert og utadvendt leiar, som er oppteken av relasjonar og som vil bidra til eit godt samarbeid.
  • Det er ein føresetnad at ein har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og stor arbeidskapasitet.
  • Du bør vere løysing- og utviklingsorientert.
  • Positiv innstilling til den samla kommunale verksemda.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ei spennande og variert stilling, der ein får innsikt og moglegheit til å utforme kommunen sine tenester innan helse og omsorg.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • IA-bedrift.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • God pensjonsordning.

Om arbeidsgiveren


Hyllestad  kommune ligg i ytre Sogn - ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen. Kommunen har omlag 1400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode jakt og fiskevilkår. Her er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre organiserte aktivitetar som turlag, idrettslag, kulturskule, kor, biljardklubb, bogeskyting, dykkarklubb, 4-H, Røde Kors lokallag.  Les meir her

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kommunehuset, 6957 Hyllestad
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

550176

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Nesse
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
90 06 45 92
Kontaktperson
Elin Garnes Solås
Stillingstittel
Kontor- og personalsjef
Telefon
57 78 95 04
Følg firma
15 følger dette firmaet

Kommunehuset, 6957 Hyllestad

Annonseinformasjon

FINN-kode 84945961
Sist endret 8. nov. 2016 14:09

Rapporter annonse