Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Bustad i attraktivt område med utleige

Kart med kartnålKrokavegen 36, 6900 Florø
Prisantydning3 100 000 kr
Kommunale avg.
19 608 kr per år
Formuesverdi
587 332 kr
Verditakst
3 100 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
6
Primærrom
167 m²
Bruksareal
193 m²
Byggeår
1969
Energimerking
F - Oransje
Tomt
Eiet
Bruttoareal
210 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Krokavegen 36
6900 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg sørvendt og fint til i eit stille roleg og attraktivt bustadområde ca 2,2 km frå Florø sentrum. Kort veg til båthamn i Furuholmen, badeanlegget Havhesten og flotte turstiar i Brandsøyåsen. Gåavstand til butikk, barnehage og skule.

Innhald

Bustaden er på tre plan og inneheld i hovudetasjen stove og kjøkken i open løysing ,tre soverom, bad, gang og vindfang.
Underetasje utleigedel har stove, kjøkken, eit soverom, gang og vindfang. Elles bod, vaskerom samt garasje som høyrer til hovudetasjen.
Loftet har loftsrom og 2 soverom.
Frittståande garaje med BTA på 20 m2

Standard

Kjøkkeninnreiing av Ikea høyglans med integrerte kvitevarer.
Innvendige veggar har overflater av baderomspanel på bad , slettmålt strie,målt panel, tapet, brystningspanel, målt mur og målte plater.
Himlingar har målte flater, ferdigmålte plater, målt panel og målte asfaltplater.
Golva har overflater av Mammut laminatgolv, målt furu, eik laminat, lakka furu, vinylbelegg, flisar og betong.

Underetasjen er ikkje modernisert. Her er det eigen straummålar. Inntekt på utleigedel er i dag 6000,- pr mnd.

Det er montert downlights utvendig ved inngang.
Innlagt fiber

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bustaden er sett opp med ytterveggar i bindingsverk over grunnmur i betongstein som utvendig er pussa. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Veranda mot sørvest . Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Jon Strømsnes AS , datert 09.09.2016

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 167 kvm, Bruksareal: 193 kvm, Bruttoareal: 210 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Underetasje 75 m2
1.Etasje: 86 m2
2.Etasje: 32 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Parkering på eigedomen og i garasje

Tomt

Eierform: Eiet tomt, Festeavgift: 846, Neste regulering 2026
Fin tomt der ein del er festa 370 m2 og resten (709 m2) er eigande. Festeavgift er 846,- pr år og neste oppregulering er i 2026.
Flott utsiktstomt som er opparbeidd med grøntareal og beplantning. Asfaltert foran underetasjen og garasjer. Hellelagt inngang mot huset. Tomta er inngjerda mot veg og nabo i sør.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader

Veg, vatn, avløp

Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F

Tilkomst

Tilkomst frå offentleg veg via privat veg opp til bustaden. Den private vegen delast mellom tre eigedomar.

Oppvarming

Varmepumpe. Varmekablar på bad. vedovn i stova.

Kommunale avgifter

Kr. 19 608 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Faste kostnader

Straum ligg på ca 1000 - 1100 pr. mnd.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 587 332 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 409 597 per

Ferdigattest

Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune. ( Det fins ikkje kommunens arkiv på eldre bustader.)

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål. Inntekt på utleige er i dag kr. 6000,- pr mnd.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Snarast

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode84272009
Sist endret28. okt. 2016 11:19
Referanse1160107

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.