Utløpt

Veterinær eller fiskehelsebiolog, Avdeling Hardanger og Sunnhordland

Arbeidsgiver
Mattilsynet - Region Sør og Vest
Stillingstittel
Veterinær eller fiskehelsebiolog, Avdeling Hardanger og Sunnhordland
Frist
25.10.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mattilsynet
Har du lyst til å vere med å påverke utviklinga i Havbruksnæringa? Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg, og den er i stadig vekst og utvikling. Som tilsett i Mattilsynet vil du vere med på både å lage og å forvalte rammer for denne utviklinga. Det er ein høg aktuell, utfordrande og morosam jobb med gode moglegheiter for utvikling. Er du rask i vendinga, har godt humør og villig til å ta eit tak for at teamet skal levere kan dette vere den rette jobben for deg. Arbeidet med fiskehelse er organisert i regionalt team og vert leia av fagrådgivar fiskehelse. Teamet har ansvar for fiskehelseoppgåver for heile regionen, den som vert tilsett vil inngå i teamet. Teamet arbeider på tvers av avdelingane når det er påkrevd.

Mattilsynet, Region Sør og Vest har totalt 8 avdelingar. Avdeling Hardanger og Sunnhordland har ledig fast 100 % stilling for veterinær eller fiskehelsebiolog innan fagområdet fiskehelse. Arbeidsområdet er Hardanger og Sunnhordland.
Kontorstad Leirvik eller Nordheimsund

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil kunne dekke heile fagfeltet som inspeksjonar av oppdrettsanlegg, uttak av prøvar, handtering av sjukdomsutbrot, godkjenning av lokalitetar og sakshandsaming innafor området med meir.
  • Andre relevante tilsynsoppgåver innan Mattilsynet sitt forvaltningssområde kan verte aktuelt.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer veterinær med norsk autorisasjon eller fiskehelsebiolog.
  • Det er ønskje om at søkjar har røynsle med ei eller fleire av dei nemnde arbeidsoppgåvene. Røynsle frå offentlig forvaltning vert vektlagt.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne og formidlingsevne.
  • Søkjar må vere fortruleg med å bruke IKT-verktøy.
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • God til å jobbe i team og samarbeide
  • Evne til å prioritere, arbeide raskt og sjølvstendig
  • Er fleksibel, strukturert og løsningsorientert

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi tilbyr ein utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver i eit konstruktivt fagmiljø med gode kollegaer.
  • Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør pt. kr. 470.000 - 550.000. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare avlønning verte vurdert.
  • Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.
  • Mattilsynet er oppteken av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i Mattilsynet uansett alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • Mattilsynet ønskjer å vera ein god arbeidsplass, og har inngått avtale om "Inkluderande arbeidsliv".
Sektor
Offentlig
Sted
Torget 10, 5417 Stord
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Biolog,
Veterinær og dyrepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Oftedal
Stillingstittel
Avdelingssjef
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Torget 10, 5417 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 84088972
Sist endret 11. okt. 2016 09:46

Rapporter annonse