Bildegalleri
Del av tomannsbustad - lys og fin - barnevennleg område.
Krokerabben 9, 6900 FlorøPris på lån: fra 12 773 kr/mnd
Eff.rente 5,91 %. 2 030 000 o/25 år. Kostnad: 1 801 900 kr. Totalt 3 831 900 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 4
- Primærrom
- 123 m²
- Bruksareal
- 132 m²
- Byggeår
- 1996
- Energimerking
- D - Gul
- Tomteareal
- 420 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 141 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Krokerabben 9
6900 Florø
Lokalitet
Denne flotte tomannsbustaden ligg fint og usjenert til i Krokerabben, på toppen av Solheimsfeltet.
Med den sørvendte beliggenheita ligg eigedomen solrik til med hage som ligg godt i le for nordavinden. Område er barnevennleg, skulen og barnehagen på Torvmyra ligg berre eit steinkast unna. Det same gjeld det flotte turområde i Brandsøyåsen. Det er ca 3 km til Florø sentrum.
Innhald
Del av tomannsbustad på to plan som inneheld på plan 1: gang, bad/wc, bod, vaskerom, open løysing mellom kjøkken og stove, tv-stove i tilbygg, og 1 soverom. Hagestove på ca. 8 m2.
Plan 2 har gang, bad/wc, 3 soverom og tv-rom.
Utvendig sportsbod. Uthus på 11 m2.
Standard
Dei fleste overflater i bustaden er pussa opp i perioden 2008 - 2014.
Kjøkkeninnreiinga er frå ca. 2006, takhøgt Mørekjøkken med limtre staver i eik og heiltre eikefrontar. Integrert oppvaskmaskin. Bad på hovudplan er pussa opp i 2010, med røyr i røyr (kan påbyggast ved skifte av røyr elles i bustaden). Flislagt golv og baderomspanel på veggar. Dusjhjørne med innfellbare glassdører, baderomspanel og wc.
Badet på plan 2 har flislagt golv og veggar. Badekar, baderomsinnreiing og wc.
Vaskerom har våtromsbelegg på golv og måla panel på veggar. Varmtvannstank, stålvaskekar, og fordelingskåp røyr i røyr.
Elles i bustaden er det på golv: fliser i gang, flytande eikeparkett og flytande laminatgolv. På veggar er det mdf plater og måla glassfiberstrie. I himling er det måla panel, takess og mdf plater. Ny Strynetrapp med eiketrinn 2013. Det er innfelt belysning på 1 bad, kjøkken, gang og 1 soverom loft. Mekanisk avtrekk frå kjøkken og bad. Det er installert brann og innbruddsalarm med bevegelsesdetektor. Det er i tillegg brannsentral for seriekopla røykvarslere. Det er fiber i bustaden. Sentralstøvsugar.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Eigedomen er oppført i 1996, påbygt med tv-stove i 2011 og hagestove i 2015. Bustaden er utvendig måla i 2015/16.
Golv på grunn er støypt plate på mark, isolert med isopor. Ytterveggar har 148 mm isolert trestenderverk, asfaltplater, lekter, rekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonssperre og plater. Takkonstruksjon med A-takstolar, sutaksplater, sløyfer, lekter og betongtakstein. Innvendig lufting, isolasjon, diffusjonsperre og panel. Vindauga er 2-lags isolerglass. Nye vindauge i tv-stove i 2010/2011 og eit soverom loft. Velux vindauge eit soverom loft. Nye innerdører i 2013.
Uthus oppført 2014. Delvis isolert. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 26.09.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 123 kvm, Bruksareal: 132 kvm, Bruttoareal: 141 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder. Hagestove i sør er ikkje medrekna i areala.
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 97 m2
2.Etasje: 35 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på eigedomen. Det var tidlegare carport over inngangsdør og bod. Denne ha noverande eigar fjerna.
Tomt
Areal: 420 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt
Hagen er opparbeidd med stor terrasse mot sør og sørvest på ca. 40 m2. I tillegg kjem den koselege hagestova. Plen og blomsterbed mot sør. Eigedomen er inngjerda mot veg i søraust og mot nabo i aust. Grusa innkjørsel og tun mot nord og nordvest.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område regulert til bustad.
Reguleringsplan: Solheim - Brandsøyåsen, Gbnr. 24/1, 25/1 og
26/234, Bustadfelt. Planid: 19910103
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg. Private veger i feltet der eigedomen ligg.
Oppvarming
Luft til luft varmepumpe i stove (har nyleg hatt service). Dovre vedomn i stove. Termostatstyrte varmekablar i gang, på begge bad/wc, vaskerom og tv-stove.
Kommunale avgifter
Kr. 14 000 inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Eigedomen er forsikra i Eika skadeforsikring. Årleg premie kr. 2.400,-.
Ca. straumforbruk pr år har lagt på 15.000-16.000kwt.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 603 378 per 31.12.14
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 448 107 per 31.12.14
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune på bustaden datert 14.11.2008 og på tilbygg datert 22.03.2012. Desse ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.