Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Kjekk leilegheit på eitt plan

Kart med kartnålBåtevika 21, 6900 Florø
Prisantydning1 150 000 kr
Fellesgjeld
517 749 kr
Felleskost/mnd.
4 914 kr
Formuesverdi
417 956 kr
Verditakst
1 150 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Eieform
Andel
Soverom
1
Primærrom
64 m²
Bruksareal
71 m²
Byggeår
1988
Energimerking
D - Oransje
Bruttoareal
77 m²
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Båtevika 21
6900 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg i det populære burettslaget Båtevika med tilsaman 50 leilegheiter. Sørvendt og solrik leilegheit med kort avstand til sjøen og naturen rundt. Det er ca. 1,5 km frå sentrum. Burettslaget har opparbeidd fellesareal og felles brygge som er flott å bade frå.
Flotte turområder på Brendøya og Kystmuseet like i nærleiken. Kort avstand til badeanlegget på Havhesten, idrettsanlegg, barnehage og vidaregåande skule.

Innhald

Bustaden er på eit plan og inneheld stove og kjøkken i open løysing med utgang til balkong mot sør. Eit soverom, bad, vaskerom, vindfang, gang og ei bod. Hems med nedtrekkbar trapp. Utvendig sportsbod.

Standard

Kvit kjøkkeninnreiing. Innvendige veggar har overflater av plater med målt strie, målte plater og målt panel. Himlingar har målte plater og panel. Golva har overflater av laminat og belegg. 2015/2016 har det vore gjort eit stort arbeid i burettslaget. Ytterveggar er etterisolerte, kledning og yttertak er skifta, nye vindauger og dører m.m

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Heile bygningsmassen i Båtevika er rehabilitert i 2014/2015
Leilegheita ligg i ein firemannsbustad som er sett opp med ytterveggar i isolert trestenderverk med ringmur i armert betong på gulv mot grunn. Yttertak har tekking av betongtakstein. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjørkaas taksering, datert 11.08.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 64 kvm, Bruksareal: 71 kvm, Bruttoareal: 77 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 71 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

På merka parkeringsplass

Tomt

Eierform: Festet fellestomt

Veg, vatn, avløp

Offentleg via private stikkleidningar

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D

Tilkomst

Tilkomst frå offentleg veg. Private vegar i burettslaget.

Oppvarming

Vedovn i stove. Varmeovn på bad.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 417 956 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 003 094 per

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 20.10.1988. Denne ligg vedlagt.

Opplysningar om burettslaget

Borettslag: Båtevika Burettslag (Reg=2010.11.17 av gha ), Orgnr.: 952680234
Andelsnr.: 1437
Forkjøpsrettgebyr: 6406
Andel fellesgjeld: 517749

Burettslaget har tilsaman 50 andelar.Det har vært utført store rehabiliteringsarbeid av heile bygningsmassen i burettslaget. Dette arbeidet er no ferdig. Bustadane framstår som nye utvendig med betre kvalitetar og isolasjon. Arbeid som er utført er m.a. alle tak er skifta og etterisolert. Nye takrenner. All kledning skifta, etterisolering av alle veggar. Ny vindtetting. Alle vindauga, terrassedører, ytterdør og boddører er skifta. Det er montert fleire lufteventilar samt nye verandaer.

I samband med rehabiliteringa er det tatt opp Husbanklån i Husbanken, kr. 32.417.000,-.

Etter planen vil burettslaget ta til med avdragsbetaling på det nye husbanklånet (kr. 32,4 mill.) i 2021. Dei gamle låna vil då vere nedbetalte og dermed vil nytt låneopptak i husbanken med avdragsbetaling frå 2021 ikkje medføre auke i fellesutgiftene utover generell prisvekst. For detaljerte lånevilkår for Båtevika brl. viser ein til salsoppgåva.

Felleskostnader

4 914.

Felleskostnad pr mnd fordelar seg slik

Rente: kr. 1082,-
Avdrag: kr. 1475,-
Drift kr. kr. 1131,-
Vedlikehald: kr. 492,-
Kommunale avgifter: kr. 688,-

Årsmelding/vedtekter

Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.

Forretningsførar

Er brl privat eller tilslutta BOB.

Forkjøpsrett

Forkjøpsretten er avklara, det er ingen som har meldt forkjøpsrett.

Godkjenning

Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.

Sikringsfond/legalpant

Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.

Utleige

Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Annonseinformasjon

FINN-kode83044442
Sist endret07. okt. 2016 13:05
Referanse1160100

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.