Bildegalleri
Lys og tiltalande leilegheit - Burettslaget har vedtatt IN-ordning!
Kalvedalsvegen 1, Lnr. 1:5, 6900 FlorøPris på lån: fra 3 788 kr/mnd
Eff.rente 6,04 %. 595 000 o/25 år. Kostnad: 541 400 kr. Totalt 1 136 400 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Andel
- Soverom
- 2
- Primærrom
- 81 m²
- Bruksareal
- 81 m²
- Etasje
- 1
- Byggeår
- 2015
- Energimerking
- B - Oransje
- Tomteareal
- 7 200 m² (eiet)
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Kalvedalsvegen 1, Lnr. 1:5
6900 Florø
1 etasje
Lokalitet
No kan fellesgjelda innløysast. Burettslaget har vedtatt IN-ordning. Individuell innbetaling vil sei at kvar enkel andelseigar får moglegheit til heilt eller delvis å innbetale sin andel av burettslaget si fellesgjeld. Felleskostnadane vert då lavere, tilsvarande reduksjon i renter og avdrag som følge av nedbetaling av fellesgjeld.
Den lyse fine leilegheita ligg i første etasje, over carportanlegget. Bygget har heis og porttelefon. Bustaden har lett tilkomst. Du kan kjøre til inngangsdøra på nordsida av blokka. Der ligg første etasje på bakkeplan. Frå den sørvendte og solrike bustaden er det utsikt mot fjorden og fjella. Det er opparbeidd felles leikeplass like ved bustaden. Burettslaget ligg med naturen som nabo, og det er kort avstand til skule, barnehage og turstiar i Brandsøyåsen. Det er ca. 3 km til sentrum. Bybussen går like ved.
Innhald
Bustaden inneheld: gang, 2 soverom, 1 disp. rom på 4,7 m2 med vindauge, bad, bod/vask, stove og kjøkken med utgang til stor terrasse med flott utsikt.
Parkering i carport. Utebod ved parkeringsplass.
Standard
Lys og tiltalande bustad med god standard.
Ikea kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer. Platetopp med ekstra breidde og induksjon. Kjøkkenventilator type Røroshetta.
Det romslege badet har flislagt golv med mindre fliser i dusjsona og baderomspanel på veggar. Baderomsinnreiing frå Linn Bad, dusjhjørne 90x90, veggfesta wc og høytalere integrert i himling. Vaskerom/teknisk rom har våtromsbelegg på golv og baderomspanel på veggar. Uttak for vaskemaskin og praktisk utslagsvask.
Elles i bustaden er det på golv: fliser i vindfang og slitesterk Alloc laminatgolv i dei øvrige romma utanom våtrom.
Slette veggar med gips robust og slette himlingar. Det er listefristt mellom veggar og himling i gang stove og kjøkken. Innfelt belysning i gang, stove og kjøkken. Persienner på stove og kjøkken. Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Bustadblokk på 6 etasjer + u.etg. med felles areal til parkering under tak. Denne leilegheita har parkering og bod i frittståande garasjebygg. Leilegheita ligg i første etasje, med mulighet for direkte tilkomst med bil på baksida av bygget (bakkeplan).
Bygget er eit betongbygg oppført i 2015 med etasjeskilje og skilje mellom leilegheitene i betong. Det er utvendig tilkomst til alle leilegheitene frå trapperom og heis. Langveggar i lette konstruksjona. Det er ikkje tatt takst på eigedomen.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 81 kvm, Bruksareal: 81 kvm
Alle rom er P-rom. Innvendig bod er gjort om til bruksrom og vert difor P-rom.
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 81 m2
Areala er henta frå prospekt frå utbyggjar. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i carport.
Tomt
Areal: 7 200 kvm, Eierform: Fellestomt i burettslaget.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område regulert til bustad.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Tilkomst
Tilkomst til bustaden via trapp eller heis og svalgang.
Oppvarming
Behageleg vannboren varme i golv i stove, kjøkken, gang, vindfang, bad og vaskerom er inkludert i felleskostnader. Varmvatn til anlegget leverast frå eit felles luft til vatn varmepumpeanlegg med fellesmåling.
Faste kostnader
Straumutgifter er ca. 500 pr mnd.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 591 237 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 655 462 per 31.12.15
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 10.12.2015. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Bjørndalslia Borettslag, Orgnr.: 914765552.
Burettslaget består av 47 andelar fordelt på to blokker som er bunde saman med felles svalgangar og felles trapp- og heishus.
Leilighetsnr.: 1;5, Andelsnr.: 5,
Andel fellesgjeld pr. 12.09.2016 kr. 1782 484,-
Lånevilkår Bjørndalslia Borettslag:
Sparebanken Vest
Rentesats pr. 04.04.2016: 2,95%
Saldo pr. 04.04.2016. Kr, 4.416.420,-
Første avdrag: 30.10.2023 (siste termin 30.09.2053)
Den norske stats Husbank
Rentesats pr. 04.04.2016: 1,788%
Saldo pr. 04.04.2016: kr. 95.721.000
Første avdrag: 20.02.2024 (siste termin 20.11.2045)
Ut frå dagens lånebetingelsar vil felleskostnadane auke med ca. kr 5.659,- når avdrag på lån skal betalast (i år 2023/2024)
Burettslaget har vedtatt IN-ordning. Individuell innbetaling vil sei at kvar enkel andelseigar får moglegheit til heilt eller delvis å innbetale sin andel av burettslaget si fellesgjeld. Felleskostnadane vert då lavere, tilsvarande reduksjon i renter og avdrag som følge av nedbetaling av fellesgjeld.
Felleskostnader
kr. 4 750,-
Felleskostnadane inkluderar rente på andelen sin del av fellesgjeld, forsikring, kommunale avgifter, honorar, oppvarming med vannboren varme og ytre vedlikehald.
Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 3.373,-
Avdrag: kr. - (avdrag startar 2023/2024)
Drift og vedlikehald: kr. 950,-
Kommunale avgifter: kr. 237,-
Forretningsførsel og revisjon kr. 190,-
Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Bjørndalslia Burettslag er tilslutta BOB Region Nordvest.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.