Utløpt

Undervisningsinspektør - Finnøy sentralskule

Arbeidsgiver
Finnøy kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Undervisningsinspektør - Finnøy sentralskule
Frist
12.10.2016
Ansettelsesform
Fast
Ein av våre undervisningsinspektører går av med pensjon frå årsskiftet. Frå 01.01.2017 har me difor ledig ei stilling som undervisningsinspektør, med ansvar for småskulen.

Finnøy sentralskule er ein 1.- 10. skule som ligg på øya Finnøy i Ryfylke. Skulen ligg i kommunesenteret Judaberg og har adresse Hagabakken 1. Ungdomstrinnet held til eit nybygg som blei teke i bruk i 2014. Barnetrinnet og mellomtrinnet held til i nyoppussa lokale, med eit nytt påbygg (2016) for Skulefritidsordninga (SFO). Det er om lag 340 elevar, fordelt på 10 trinn. Ungdomsskuleelevane kjem frå heile Finnøy kommune, medan 1.-7. klasse kjem frå øyane Finnøy, Talgje, Halsnøy, Bokn og Byre.


Arbeidsoppgåver

Me er på jakt etter deg som gjerne ser seg sjølv i rolla som undervisningsinspektør i grunnskulen. Du har noko erfaring eller kompetanse innan leiing, samstundes som du har undervisningskompetanse for grunnskulen.
Undervisningsinspektøren er ein del av skulen sitt leiarteam og i stillinga ligg om lag 60 % administrative oppgåver og 40 % undervisning. Me er særskild på utkikk etter kandidatar med kompetanse innan begynnaropplæringa.
Andre arbeidsoppgåver er:
- pedagogisk utviklingsarbeid og vidareutvikling av gode system
- elevoppfølging
- kommunikasjon med elevar og foreldre/føresette
- resultatoppfølging
- personalarbeid; vikararbeid og timeplanarbeid
- HMT ansvar

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen.
Det er ynskjeleg med kompetanse/erfaring i begynneropplæringa.
Kompetanse/erfaring i leiing innan relevant fagområde.
Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk. Ver merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentlege, sjølv om søkjarane har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Om oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjarar bli varsla om dette.
Arbeidsstokken i Finnøy kommune skal spegla mangfaldet i befolkninga, og vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja på stillingar hjå oss.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Utdanning

  • Høgskule / Universitet

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

Vi ynskjer tilsette som:
- er god på relasjonskompetanse
- har god gjennomføringsevne
- arbeider strukturert og systematisk
- er engasjert og har gode samarbeidsevner
- er omgjengeleg og raus
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Stillingsbrøk: 100%
Eit triveleg arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
Faglege utfordringar
Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Finnøy er ein øykommune i hjarta av Rogaland, midt i Ryfylkeleia. Kommunen grenser til Hjelmeland, Tysvær, Suldal, Strand, Rennesøy og Bokn. På 16 av øyane bur det folk, til saman 3200. Om sommaren dobler dette talet seg grunna hytte- og båtturistane. Grøderik jord, mildt klima, lune havnar, godt fiske og eit rikt dyre- og planteliv har gjort desse øyane til en attraktiv plass å leve. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret er på Judaberg om lag 35 minuttars reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler vi på lag og Saman for folk i Finnøy er vår visjon. Det er om lag 240 årsverk tilsett i verksemda Finnøy kommune.


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Finnøy kommune, 4160 Finnøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

inspektør,, leder,, skoleleder,, rektor,, skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Tjelta
Stillingstittel
rektor
Telefon
40 41 32 72
Kontaktperson
Nils Petter Flesjå
Stillingstittel
kommunalsjef oppvekst
Telefon
90 59 28 88
Følg firma
8 følger dette firmaet

Finnøy kommune, 4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 82964954
Sist endret 22. sep. 2016 12:49

Rapporter annonse