Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt

Lekker endeleilegheit på toppen i Kinnvegen 47

Kart med kartnålKinnvegen 47, 6900 Florø
Prisantydning2 150 000 kr
Felleskost/mnd.
710 kr
Kommunale avg.
9 404 kr per år
Formuesverdi
475 433 kr
Verditakst
2 150 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
1
Primærrom
61 m²
Bruksareal
68 m²
Byggeår
2012
Energimerking
E - Rød
Tomt
Eiet
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Kinnvegen 47
6900 Florø

Lokalitet

Bustaden ligg fint og ope til i sameiget Kinnvegen ca 2 km frå Florø sentrum. Herfrå er det kort veg til flyplass, busstopp og flott turterreng i Soldalen og Storåsen. Sørstrand folkepark med fine friområde og badestrand har ein kort veg unna.

Innhald

Bustaden er på eit plan og har kjøkken og stove i open løysing med utgang til balkong mot sør med fin utsikt. Eit soverom, bad /wc /vaskerom, kontor og ei bod. Sportsbod i underetasjen av bygget og parkeringsplass i felles garasjeanlegg i naboblokka.

Standard

Leilegheita er lys og lekker med Norema kvit innreiing med integrerte kvitevarer. Innvendige veggar har overflater av målte plater, flisar på bad. Himlingar har målte plater . Golva har flisar på bad og parkett elles. Belegg på bod.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Bygget er ei leilegheitsblokk på 4 etasjar der denne ligg 4.etg. Ytterveggar er av typen elementvegger i betong. Etasjeskilje i betong. Yttertak har tekking av betongtakstein. Bygget har heis og trapperom.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjørkaas Taksering AS, datert 26.08.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 61 kvm, Bruksareal: 68 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 61 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Parkering

Parkering i felles parkeringskjellar i naboblokka.

Tomt

Eierform: Fellestomt
Tomta er asfaltert ned til innkjørsel til parkeringshus. Grusa på felles gjesteparkering. Velstelt og fint område.

Regulering/offentleg godkjenning

Bustaden ligg i område som er sett av til bustader.
Ein har fått nabovarsel vedrørande utbygging av bustadfelt mot vest.

Veg, vatn, avløp

Offentleg via private stikkleidningar.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter E

Tilkomst

Ein kan gå trappene eller ta heisen opp til leilegheita.

Oppvarming

Gasspeis i stova. Varmekablar i entre og på bad/wc/vaskerom.

Kommunale avgifter

Kr. 9 404 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Faste kostnader

Seljar har betalt a konto kvar mnd på gass og straum kr. 400 ,- / 333,- . det er vedtatt i sameiget at ein skal ha oftare avlesningar slik at det ein eventuelt ikkje får noke etterslep.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr 475 433 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 141 038 per

Ferdigattest

Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 27.04.2012. Denne ligg vedlagt.

Felleskostnader

710 pr. mnd. Felleskostnadane dekkjer vedlikehaldskostnader, forretningsførsel, revisjon, utvendig forsikring og drift.

Opplysningar om sameige.

Sameie: Sameiget Kinnvegen, Orgnr.: 994337211
Forkjøpsrett: Nei

Sameige Kinnvegen består av 32 seksjonar. Det har vore bygd i fleire byggetrinn og er no ferdig utbygd.
Styreformann er Åse Strømsøy.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.

Rekneskap/vedtekter

Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.

Forretningsførar/rekneskapsførar

BOB Nordevest

Godkjenning/forkjøpsrett

Ikkje forkjøpsrett

Legalpant

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.

Utleige

Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Må godkjennast av styret.

Diverse

Nabovarsel om bygging

Forsikring

Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.

Eller: Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Jan 2017

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart
Logo

Eigedomsme­kling Sogn og Fjordane AS

Greta Halvorsen

Eigedomsmeklar MNEF

Send melding

Annonseinformasjon

FINN-kode82611807
Sist endret30. sep. 2016 11:50
Referanse1160094

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.