Bildegalleri
Lekker nyoppført bustad med gode kvalitetar.
Mårkroken 30, 6900 FlorøPris på lån: fra 22 692 kr/mnd
Lånekalkulator fra 22 692 kr/mndEff.rente 6,25 %. 3 496 500 o/25 år. Kostnad: 3 311 100 kr. Totalt 6 807 600 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 4
- Primærrom
- 180 m²
- Bruksareal
- 184 m²
- Byggeår
- 2016
- Energimerking
- C - Rød
- Tomteareal
- 498 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 204 m²
Eigedom
Mårkroken 30
6900 Florø
Lokalitet
Er du lei av å jakte på draumetomta? Her står huset ditt ferdig nyoppført og innflytningsklart!
Lekker bustad øvst i Botnaholten, med gode kvalitetar. Den fine og gjennomtenkte planløysinga kombinert med store vindusflater gjer bustaden praktisk og triveleg.
Bustaden ligg fint til i nyetablert og barnevennleg område øvst i Botnaholten. Frå eigedomen er det utsikt mot byen og øyane sør og vest i havet. Flotte turområder i Brandsøyåsen like ved bustaden. Det er kort avstand til skule/barnehage på Torvmyra. Til butikkane på Krokane er det ca 2 km og til Florø sentrum er det ca. 3,5 km.
Innhald
Bustaden er på to plan og inneheld:
Plan 1: romsleg gang, bad/wc, stort vaskerom med eigen utgang, stove med utgang til hage, kjøkken med utgang til hage, arbeidsrom/soverom.
Plan 2: loftstove med flott utsikt, 4 soverom, bad og bod.
Standard
Bustaden har flotte kvalitetar med store vindusflater som gir mykje lys i alle rom.
Kjøkkeninnreiing type Epoq med mørke underskåp og lyse slette overskåp.
Begge bada har flislagte golv og baderomspanel med flismønster på veggar. Baderomsinnreiing, veggmontert wc, og dusjhjørne.
Vaskerom (teknisk rom) har våtromsbelegg på golv, baderomspanel med flismønster på veggar. Opplegg for sentralstøvsugar (motor ikkje montert).
Elles i bustaden er det på golv: flisar i gang og lys parkett i dei øvrige romma. Veggane er slettmåla på gips robust og himlingane er slettmåla. Listefritt mellom veggar og himling.
Kvitevarer
Det følgjer ikkje kvitevarer med i salet.
Byggjemåte
Bustaden er oppført i 2016 og bygt etter TEK 10. FDV - dokumenter følgjer med bustaden.
Grunnmur er fundamentert på fyllmasser over fjellgrunn 200 mm betongfundament type Jacon RU for bærevegg. Kjellargolv er av betong. Ytterveggar har bindingsverk c/c 60 198, isolasjon, falsa ståande kledning av Møre Røyal. Dekke mellom etasjene er tre 300 plattformgolv isolert (I-profil). Takkonstruksjon er tak tre I-profil 350, isolert innertak med Zanda Protectortak. Dører og vindauga er type Nordan.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 05.09.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 180 kvm, Bruksareal: 184 kvm, Bruttoareal: 204 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 90 m2
2.Etasje: 94 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på eigedomen.
Tomt
Areal: 498 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt.
Tomta er planert med stein. Innkjørsel er grusa.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er regulert til bustad, regplan 20090117.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Det er termostatstyrte varmekablar i gang, vaskerom og bad.
Tilrettelagt med pipe i bustaden, eldstad er ikkje montert.
Varmegjenvinningsanlegg med varmekolbe "grønn ventilasjon" Smartly.
Kommunale avgifter
Kr. 10 891,38 ekskl. eigedomsskatt.
Fritak for eigedomsskatt dei tre første åra.
Faste kostnader
Faste kostnader er straum og forsikring på eigedomen.
Likningsverdi
Likningsverdien er ikkje fastsatt.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 06.09.2016. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.