Bildegalleri
Del av tomannsbustad i attraktivt område
Mulelidmarka 9, 6900 FlorøPris på lån: fra 11 788 kr/mnd
Lånekalkulator fra 11 788 kr/mndEff.rente 6,44 %. 1 785 000 o/25 år. Kostnad: 1 751 400 kr. Totalt 3 536 400 kr.
LånekalkulatorNøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 2
- Primærrom
- 84 m²
- Bruksareal
- 89 m²
- Byggeår
- 1998
- Energimerking
- C - Gul
- Tomteareal
- 369 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 94 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Eigedom
Mulelidmarka 9
6900 Florø
Lokalitet
Bustaden ligg i det attraktive bustadområde på Mulelidmarka ca 1,8 km frå Florø sentrum, Kort veg å gå til barnehagen og den flotte folkeparken på Sørstrand med flott badestrand m.m. Busstopp like ved og flyplassen går ein til. Solrikt og barnevenleg.
Innhald
Bustaden er på eitt plan og inneheld stove og kjøkken i open løysing, to soverom, vaskerom, ei bod og gang.
Standard
Innvendige veggar har panel i stove og gang, elles målte plater.
Himlingar har målte plater.
Golva har flisar på bad og i gang. Laminat på stove og kjøkken. baderomsbelegg på vaskerom og elles belegg.
Rør i rør.
Garasjen er isolert og har aluminium leddport med motor.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Bustaden er 1/2 part av ein tomannsbustad med ein etasje og kaldt loft. Bustaden er sett opp med fundament på sprengsteinsfylling med isolert plate på mark med betong påstøyp. Ytterveggar av bindingsverk med værhud av trepanel. Veranda mot sør.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjørkaas Taksering , datert 02.09.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 84 kvm, Bruksareal: 89 kvm, Bruttoareal: 94 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 89 m2
Garasje har eit BRA på 33 m2 og er sett opp i 2007.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen og i eigen garasje
Tomt
Areal: 369 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er lettstelt og har store delar som er belagt med asfalt. Litt grøntareal mot nord.
Regulering/offentleg godkjenning
Området bustaden ligg i er avsett til bustader, trafikkareal og fellesområder.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Varmepumpe. Vedovn i stova. Varmekablar på bad, vaskerom stove og gang.
Kommunale avgifter
Kr. 11 554 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Fosikring ca 6000,- pr år.
Straum ca 12000,- pr år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 534 684 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 283 241 per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 26.05.1999 Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Bustadkjøparforsikring
Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Snarast
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.