Bildegalleri
Innhaldsrik del av tomannsbustad i flott område med garasje
Nordalsmarka 18, 6900 FlorøPris på lån: fra 13 333 kr/mnd
Eff.rente 5,65 %. 2 170 000 o/25 år. Kostnad: 1 829 900 kr. Totalt 3 999 900 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 4
- Primærrom
- 150 m²
- Bruksareal
- 150 m²
- Byggeår
- 1998
- Energimerking
- C - Gul
- Tomteareal
- 494 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 162 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Nordalsmarka 18
6900 Florø
Lokalitet
Bustaden ligg fint til i eit etablert attraktivt bustadmiljø ca 1,8 km frå Florø sentrum. Bustaden ligg med kort veg til barnehage, 50 m til buss og ca 500 m til flyplassen. Eigedomen ligg og like ved den flotte familieparken Sørstrand med badestrand og fine turområde. Solrikt og barnevenleg
Innhald
Bustaden er på 2 plan og inneheld i hovudetasjen kjøkken, stove, eit soverom, bad og gang/trapperom med luke til kaldloft. Underetasjen har tre soverom, vindfang, gang, bad/wc og vaskerom.
Garasje med bod oppsett i 1999.
Standard
Kjøkkeninnreiing av typen Sigdal laminatkjøkken med heiltre målte furufrontar.
Innvendige veggar : - har overflater av i 1.etg. : målt glasfiberstrie i vindfang og vaskerom/teknisk rom. "Villmarks panel" i hall. Baderomsplater på bad/wc. Målt miljøtapet resten.
2.etg. : Baderomsplater på bad/wc. Målt miljøtapet med flisar over benkeplate på kjøkken. Målt miljøtapet på resten.
Himlingar: - har Agnes takessplater i begge etasjar
Golva har overflater av: - 1.etg. : Skifer i vindfang. Fliser i hall og på bad/wc. Våtromsbelegg på vaskerom/teknisk rom. Vinylbelegg på tre soverom.
2.etg. : Fliser på bad/wc. Flytende laminatgulv på resten.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Bustaden er på to etasjar og er sett opp med ytterveggar av isolert trestenderverk over armert støpt plate på mark, med isolasjon over betongsåle på kultfylling til fjell. Ytterveggane har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av johnny Østerbø , datert 01.09.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 150 kvm, Bruksareal: 150 kvm, Bruttoareal: 162 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 75 m2
2.Etasje: 75m2
Garasje: 36 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen
Tomt
Areal: 494 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta har grøntareal på nord og austsida av bustaden. Innkjørsel og gardsplass har singel. Asfaltert foran garasje og treplatting framfor inngang med tett altan over.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avløp
Offentleg via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst via offentleg veg
Oppvarming
Dovre vedovn i underetasjen. Luft til luft varmepumpe i underetasjen.
Kommunale avgifter
Kr. 15 815 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Forsikring i selskapet TRYG kr. 4699,- pr år.
Straumforbruk ca 20000 kwh pr år
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 757 492 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 810 781 per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 09.11.1998. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Bustadkjøparforsikring
Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Ca. 1.nov 2016
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.