Bildegalleri
Stor sørvendt sentrumseigedom med utviklingsmoglegheiter.
Vangsvegen 30A, 6900 FlorøPris på lån: fra 10 341 kr/mnd
Eff.rente 5,67 %. 1 680 000 o/25 år. Kostnad: 1 422 300 kr. Totalt 3 102 300 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 129 m²
- Bruksareal
- 231 m²
- Byggeår
- 1925
- Energimerking
- G - Oransje
- Tomteareal
- 2 005 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 248 m²
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Vangsvegen 30A
6900 Florø
Lokalitet
Sjeldan moglegheit i Florø!
Vi har for sal ein stor sentrumseigedom på over 2 mål med utviklingsmoglegheiter. Sørvendt og solrik i barnevennleg område med lite trafikk (blindveg, ingen gjennomgangstrafikk). Eigedomen ligg på Rognaldsmarka, like ved Flora Vidaregåande Skule og barnehage, kun 1 km til sentrum. Kort avstand til alle skular og idrettsanlegg.
Det er fleire fine turområder i nærleiken, som feks. langs Store- og Lillevatnet, samt Store - og Lilleåsen.
Innhald
Bustadhuset er på to plan + kjellar.
Plan 1: vindfang, gang, bad, kjøkken, 2 stover, 1 soverom og bod.
Plan 2: gang, loftstove, 2 soverom.
Kjellar med kjellarrom.
Enkel frittståande garasje.
Standard
Bustadhuset har ein enkel standard, med behov for oppgraderingar.
Kjøkkeninnreiing har takhøg laminatkjøkken med slette frontar.
Badet har belegg på golv, baderomsplater på veggar. Wc, badekar og vask.
Elles i bustaden er det på golv: teppe, eikeparkett, lakkert tregolv og vinylbelegg. Betong i kjellar.
På veggar er det lakka panel, "Koreaplater", tapet og panel. I himling er det lakka panel, måla plater, måla tak. Betong i kjellar.
Sikringsskåp med automatsikringar og jordfeilbrytar på gang loft.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Bustadhuset er oppført ca. 1925, påbygt ca. 1955. Eigedomen må sjåast på som eit renoveringsobjekt. Ytterveggar kjellar er 300 mm prosentsteinsmur, utvendig pussa og overflatebehandla over terreng. 1. og 2. etg har 100 mm isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig kledning. Innvendig difusjonssperre og platekledning. Saltak med sprerretak i tre, sutaksbord (antatt) papp, rekter, lekter og skiferstein. 2-lags vindauge + nokre kopla vindauge. Nokre vinduage med blyinnfatta farga glas. 1 stk ve-lux vindauge på gang loft. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 25.08.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 129 kvm, Bruksareal: 231 kvm, Bruttoareal: 248 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: kjellar, bod plan 1 og kott plan 2.
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 91 m2
2.Etasje: 57 m2
Kjellar: 83 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje, evt. på eigedomen.
Tomt
Areal: 2 005 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt
Hagen er opparbeidd med grøntareal, plantar, bærbusker og trær. Asfaltert innkjørsel.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsatt til bustader. Planid 19840103. B7.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Det er installer varmepumpe i eigedomen.
Eigedomen har 2 stk mura og pussa piper. 1 stk oljeomn med dagtank i den eine stova. 1 stk mura peis i den andre stova.
Kommunale avgifter
Kr. 20 535 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Eigedomen er forsikra i Gjensidige. Forsikringspremie pr. år kr. 5570,-.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 561 682 per 31.12.14
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 348 036 per 31.12.14
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.