Bildegalleri
Lys og tiltalande, mykje oppgradert 3-roms leilegheit med hage.
Kinnvegen 46, 6900 FlorøPris på lån: fra 7 952 kr/mnd
Eff.rente 5,94 %. 1 260 000 o/25 år. Kostnad: 1 125 600 kr. Totalt 2 385 600 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Andel
- Soverom
- 2
- Primærrom
- 68 m²
- Bruksareal
- 70 m²
- Byggeår
- 1980
- Energimerking
- F - Oransje
- Tomteareal
- 7 575 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 74 m²
- Boligselgerforsikring
- Ja
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Kinnvegen 46
6900 Florø
Lokalitet
Leilegheita ligg fint og solrikt til i barnevennleg område ca 2 km. frå Florø sentrum.
Her er 50 m. til næraste busstopp, ca. 600 m til næraste barnehage, og ca. 600 m til Florø lufthavn.
Innhald
Leilegheita er på eitt plan og inneheld:
Stove med dør ut til veranda og hage, kjøkken i delvis opa løysing med stova, to soverom, det største soverommet har walk-in garderobe ved sida av, bad, kombinert vaskerom/bod og gang med luke til lagringsloft. Utebod på omlag 6m2 ved inngangen.
Standard
Lys og fin, mykje oppgradert leilegheit med eigen sørvestvendt hage.
Heile leilegheita vart oppgradert i 2014/2015, både tekniske installasjonar og overflater vart fornya.
Alle tak og veggar er måla, det er nye tak- og golvlister i alle rom og innvendige dører er skifta.
Gang/entrè har flislagt golv med varmekablar, måla trefibertapet på veggane og takess med innfelte spottar i himlinga. Frå gangen er det luke til kaldloft med god lagringplass. Det er innlagt lys i kaldloftet.
Lys, fin stove i delvis opa løysing med kjøkken. Golva har flott kvitkalka 12 mm eiklaminat, måla fibertapet på veggane og takess med innfelte spottar i himlinga. Peisomnen vart installert i 2014. Frå stova er det utgang til terrasse på ca. 13 m2 og hage med gode solforhold.
Praktisk kjøkken med god arbeidsplass og plass til spisebord. Kjøkkeneinnreiing med kvite, profilerte frontar, nedfelt servant og laminat benkeplate. Kitchenboard mellom benkeplate og overskåp. Kvitevarene på kjøkkenet følgjer med i salet. Frå kjøkkenet er det direkte tilkomst til vaskerommet.
Vaskerommet har belegg på golvet, måla tapet på veggar og takess i himlinga. Rommet er innreiia med ny varmtvasstank på 125 L, rør i rør fordelingsskåp og opplegg for vaskemaskin.
Heile badet vart oppgradert i 2014/2015 og har beleggbelagt golv med varmekablar, baderomsplater på veggane og innfelte spottar i himlinga. Ny baderomsinnreiing med servant i underskåp, høgskåp, spegel med innfelt lys, dusjhjørne og veggehengt toalett.
Dei to soveromma har kvitkalka 12 mm eikelaminat på golva, eit med tapet på veggane og eit med måla fibertapet. Takess i himlingane. Frå eit av soveromma er det Langlo skyvedører til romsleg walk-in garderobe. Sikringsskåpet er plassert i garderoben.
Følgjande inventar kan følgje med i salet:
- TV-oppheng i stove.
- To rette hyller i stove.
- Kjøkkenlampe.
- Persienner/liftgardiner og rullegardiner.
Følgjer ikkje med i salet:
- Diamanthylle i stove.
- Kähler magnetar på kjøkken.
- Dotsknaggar i gang/entrè.
Kvitevarer
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin kan følgje med om ønskeleg. Tuner til TV følgjer med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Ytterveggar i 10 cm isolert trebindingsverk, med vindsperre og utvendig kledning. Innvendig diffusjonssperre og platekledning.
Takkonstruksjonen er saltak led prefabrikkerte W-takstolar, sutaksbord, papp, rekter, lekter og Decra stålplatetak. Iaolasjon med papir oppå i loftsbjelkar (undergurter).
Vindauga er av 2-lags isoler vindauge.
VVS-installasjonar med rør i rør system, der fordelingsskåpet er plassert på vaskerom/bod. Ny varmtvannstank. Alt nytt i 2014/2015.
Det elektriske anlegget har fordelingstavle med automatsikringar med jordfeilbryter på kvar sikring. Det elektriske anlegget vat nytt i 2014/2015.
Det er innlagt fiber frå Enivest.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 18.08.2016.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 68 kvm, Bruksareal: 70 kvm, Bruttoareal: 74 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod/vaskerom.
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 70 m2
Areal er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Ein kan parkere ein bil ved inngangen. Det er i tillegg felles asfalterte parkeringsplassar i burettslaget.
Tomt
Areal: 7 575 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta er fint oppareida med plen og plantar i sør, hekk mot naboar i aust og vest og shingel ved inngang og parkering i nord.
Burettslaget har asfalterte vegar.
Regulering/offentleg godkjenning
Området er regulert til bustad.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Lett tilkomst frå Kinnvegen.
Oppvarming
Ny vedovn i stova.
Varmekablar i golvet på badet og i gangen - nye i 2014/2015.
Anna oppvarming er basert på elektriske varmeovnar.
Faste kostnader
Straumforbruk ca. 9000 kWh pr år.
Forsikring: Bygningen er forsikra i Burettslaget si fellesforsikring. Vert dekka av fellesutgiftene.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 403 605 per 31.12.14
Likningsverdi som sekundærbustad kr 968 651 per 31.12.14
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 21.12.1979. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Thor Solbergveg borettslag (6900 FLORØ), Orgnr.: 951097268
Andelsnr.: 1342
Medlemskontingent: 500
Forkjøpsrettgebyr: 6406
Andel fellesgjeld: 34991, Total gjeld: 839095
Burettslaget si fellesgjeld:
Sparebanken Vest:
Annuitetslån, 12 terminar
Rentesats pr. 17.08.16: 2,95%
Saldo pr. 17.08.16 kr. 839 095,-
Andel av saldo: kr. 34 991
Første termin/avdrag: 14.05.2011 (siste termin 14.06.2031)
Felleskostnader
2 979 pr. mnd. Felleskonstnad og breiband
40 tv-kanalar er inkludert i felleskostnadane.
Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 179,-
Avdrag: kr. 238,-
Drift og vedlikehald: kr. 1817-
Kommunale avgifter: kr. 745,-
Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
BOB.
Forkjøpsrett
Forkjøpsretten er lyst ut til medlemmane i BOB, og ingen melde seg. Forkjøpsretten er dermed avklara for ein periode på 3 mnd.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.