Sjukepleiar, rehabiliteringsavdelinga
- Arbeidsgiver
- Hå kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 16.09.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse: Tenesteområdet helse og sosial, Hå sjukeheim, rehabiliteringsavdelinga:
Rehabiliteringsavdelinga har 16 korttidsplassar fordelt på rehabilitering, øyeblikkeleg hjelp og lindrande omsorg.
Avdelinga samhandlar med SUS og åpen omsorg, samt har eit tett samarbeid med avdelingslege, ergoterapeut og fysioterapeut.
Avdelinga har ft. ledig følgjande stillingar for sjukepleiar og sjukepleiestudent:
52,8% stilling turnus inkl. 3. kvar helg.
17,6% stilling turnus med arbeid 3. kvar helg. Sjukepleiestudent kan søkje denne stillinga.
For sjukepleie- og vernepleiestudentar gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å arbeide 10 helgevakter pr. år, samt arbeide i 100% stilling i min. 4 veker i hovedferien. Nærare opplysingar om denne ordninga kan du få ved å kontakte personalavdelinga, tlf. 51 793083.
Kvalifikasjoner: Utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, er fleksibel med evne til å takle ein varierande og uforutsigbar kvardag, er positiv med engasjement i sjukepleieyrket.
Erfaring frå rehabiliteringsarbeid, samt personlege eigenskapar vert vektlagt.
Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Mildrid Hobberstad, mob. 41532757.
Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.
Om arbeidsgiveren
Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Lyngvegen 14, 4365 Nærbø
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Mildrid Hobberstad
- Stillingstittel
- Leiar
- Telefon
- 41 53 27 57
Lyngvegen 14, 4365 Nærbø