Miljøterapeut omsorgsbustad
- Arbeidsgiver
- Hå kommune
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Frist
- 16.09.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse: Innafor tenesteområdet helse og sosial, ft. Austkroken omsorgsbustader, er følgjande stilling ledig:
100% stilling turnus inkl. 3. kvar helg.
Kvalifikasjoner: Utdanna vernepleiar eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning, norsk autorisasjon, beherske norsk skriftleg og muntleg, vere løysingsorientert, fleksibel og nytenkjande, kunne arbeide sjølvstendig og målretta, bidra til godt arbeidsmiljø, kunne følgje brukar i bassenget, ha førarkort for bil.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
For miljøterapeut i 100% stilling turnus inkl. helg, gis ekstra løn med kr. 10.000 pr. år.
Nærare opplysingar om stillinga kan du få ved å kontakte leiar Gro Vorland, mob. 92025189.
Politiattest: Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.
Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du har vansker med det.
Om arbeidsgiveren
Hå kommune sitt administrasjonsbygg ligg på Varhaug, 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har ca 18.500 innbyggjarar, og er i sterk vekst. Kommunen har ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert kultur-, idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til flotte tur- og friluftsområde frå hav til hei. Hå kommune sin visjon er: Me løfter i lag, og Open, Driftig, Stolt er våre verdier. Vi ønskjer oss kandidater som kan identifisere seg med visjonen vår og verdiane våre.
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Gro Vorland
- Stillingstittel
- Leiar
- Telefon
- 92 02 51 89
Austkroken 4, 4365 Nærbø