Fagleiar i Tverrfagleg teneste i Familiens Hus
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Fagleiar Tverrfagleg teneste
- Frist
- 16.09.2016
- Ansettelsesform
- Vikariat
Kort om stillinga
Fagleiar Tverrfagleg teneste, 100 stilling, 1 års vikariat med mogelegheit for forlenging. Oppstart i stillinga frå 01.10.16 eller etter avtale. Arbeidsstad: Osterøy rådhus.
Tverrfagleg teneste består av leiar, to famileterapeutar, to kommunepsykologar og ein miljøterapeut. Tenesta er eit lågterskeltilbod for kommunens innbyggarar der vi tilbyr korttidsintervensjon av metodisk art. Vidare tilbyr tenesta hjelpetiltak for barneverntenesta og rettleier andre etatar i kommunen. Tenesta jobbar individretta, har gruppetilbod og er del av systemarbeidet i kommunen.
Tverrfagleg teneste er plassert i sektor for Oppvekst, undervisning og kultur og organisert under Familiens hus. Familiens hus er et tverrfagleg kommunalt tilbod som består av barnevern, PPT og Tverrfagleg teneste. Familiens Hus samarbeider tett med helsestasjon.
Arbeidsoppgåver
- leie og vidareutvikle tenesta slik at ho kan møte behova vi har både i dag og i framtida
- rettleie barn/unge og deira familiar
- rettleie samarbeidspartnarar
Stillinga er i hovudsak utøvande som rettleiar, med fagleiaransvar tilsvarande ca 40% av stillinga.
Vi søkjer
Søkjar må ha helse-/sosialfagleg utdanning, gjerne med vidareutdanning innan eksempelvis psykisk helse - born og unge, rettleiing, systemisk familieterapi, ART, Marte Meo, traumekartlegging eller anna rettleiingsverktøy. Søkjar må ha førarkort.
Dette er ei "ung" teneste, som har behov for å bli tydeleggjort ovanfor brukarar og samarbeidspartnarar. Du må derfor ha evne til å danne gode samarbeidsrelasjonar, kunne vidareutvikle organisasjonen og bidra til eit positivt tverretatleg arbeid. Du må trivast med teamarbeid og dele våre verdiar som er respekt, omsorg, tillit, tydeleg og ærleg. Vi i Familiens hus tenkjer at fleire perspektiv bidreg til betre tiltak, og dette perspektivet ynskjer vi at du deler. Familiens hus har mange fagleg dyktige tilsette med stort engasjement. Det er eigenskapar som gir god dynamikk og driv i organisasjonen. Du må sjå verdien i dette og trivast i eit slikt miljø, samtidig som evne til sølvstendig arbeid er viktig.
Vi tilbyr
Lønsvilkår: Etter tariff.
Osterøy kommune kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø
- Kompetente medarbeidarar og gode kollegaer
- Fokus på fagleg utvikling
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår som mellom anna inneber god pensjonsordning
- Osterøy kommune er ei IA-bedrift
Anna
Dersom du tek imot stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. jf. Barnevernloven
Om arbeidsgiveren
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hatland, 5282 Lonevåg
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Barn, skole og undervisning,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Omsorg og sosialt arbeid,
- Kontor og administrasjon,
- Rådgivning
Nøkkelord
rettleiar, fagansvar, teamarbeid, tillit, kommunikasjon
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Bettina B. Nordahl
- Stillingstittel
- sektorleiar
- Telefon
- 56 19 22 21
- Kontaktperson
- Trude Selseng
- Stillingstittel
- Fagleiar
- Telefon
- 56 19 22 43
Hatland, 5282 Lonevåg