Utløpt

Heildigital lokalavis satsar: Er du Porten.no sin nye kommersielle leiar?

Arbeidsgiver
Porten AS
Stillingstittel
Kommersiell leiar
Frist
19.09.2016
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med å bygge opp ei heildigital lokalavis i Indre Sogn? Vi skal ta Porten.no inn i framtida og vil difor styrke laget med ny kompetanse. Vi leitar etter deg som har vilje og evne til å leia arbeidet med å utvikle vår marknadsposisjon.

Som kommersiell leiar i Porten.no vil du ha stor påverknad på korleis vi skal lukkast vidare med den kommersielle satsinga, og samstundes bygge vidare på vår visjon: Porten.no skal vere ein betydeleg samfunnsaktør i Indre Sogn. Porten.no har langsiktige, engasjerte og seriøse eigarar som har langsiktige mål. Vi har aukande lesartal og høg kvalitet på redaksjonelt innhald. Vi har nyleg utvida nedslagsfeltet frå Årdal/Lærdal til heile Indre Sogn, og har eit stort tal lesarar i heile regionen.

Som kommersiell leiar vil du få eit totalansvar for reklamesal og forretningsutvikling i Porten.no. Du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å bygge opp vårt mediehus, auke kjennskapen til vårt merkenavn i Indre Sogn og skape nye inntektsstraumar. Vår nye kommersielle leiar vil arbeide operativt med rådgjeving og sal av digitale produkt til bedrifter i vårt marknad. Eigarselskapet Årdalsnett har ein sterk marknadsposisjon i regionen. Ein del av jobben som kommersiell leiar i Porten.no vil òg vere marknadsføring og sal av Årdalsnett sine breiband og TV tenester. Du vil rapportere til Odd Øren som er daglig leiar i Porten AS og Årdalsnett AS.

Vi søkjer deg som:
- er ambisiøs og resultatorientert
- har teft for det kommersielle
- er løysingsorientert og analytisk
- er god til å samarbeide og har evne til å engasjere og motivere andre
- arbeider raskt og har stor arbeidskapasitet

Du er god til å bygge relasjonar og har relevant erfaring innan sal, reklame eller marknadsføring. Du er interessert i digitalisering, og du kjenner godt til nye trendar innan sal og marknadsføring. Relevant høgare utdanning er ein fordel. Du er ein god kommunikator, skriftleg og munnleg. Porten.no er ei nynorskavis. Det er ingen føresetnad, men sterkt ynskjeleg at du kan nytta nynorsk skriftleg. Vi tilbyr ein svært variert rolle med gode moglegheiter til å påverke eigen stilling og utvikling.

Du får ei viktig rolle i eit miljø prega av kreativitet og fleksibilitet. Vi kan tilby konkurransedyktig løn og pensjon-, forsikring- og personalordningar. Vi har eigen bustad til disposisjon i Årdal. Vi held til i Øvre Årdal - midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Årdal og vår region byr på unike friluftstilbod heile året.

Vi oppfordrar kvinner til å søkja.

For meir informasjon, ta kontakt med HAMNØY AS ved rekrutteringsrådgjevar Jan Tore Hamnøy, telefon 41 10 22 00.

Du viser interesse for stillinga ved at du snarast registrerer CV og søknad. Alle førespurnader vert behandla konfidensielt.
Søknader vert handsama så snart dei kjem inn.

Om arbeidsgiveren

Mediehuset Porten.no er ei heildigital lokalavis, med lesarar og kundar i Indre Sogn og god oppslutnad blant utflytta sogningar. Porten.no held til i Øvre Årdal, midt mellom Bergen og Oslo, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Porten AS er eigd av Årdalsnett AS, som er eigd av Årdal Energi og Indre Sogn Sparebank. Årdalsnett er største leverandør av breiband i Årdal og Lærdal. For meir informasjon, sjå porten.no og ardalsnett.no

Nettverk
Facebook, X
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal
Bransje
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Markedsfører,
Salg,
Salgsledelse

Nøkkelord

sogn, lokalavis, breiband, løsningssalg, rådgivning

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tore Hamnøy
Stillingstittel
Rådgjevar/hodejegar
Telefon
41 10 22 00
Nettverk
LinkedIn Twitter
Følg firma
113 følger dette firmaet

Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 81547052
Sist endret 29. aug. 2016 16:01

Rapporter annonse