Ledig stilling som fagleiar i PPT
- Arbeidsgiver
- Austrheim Kommune
- Stillingstittel
- Ledig stilling som fagleiar i PPT
- Frist
- 20.09.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Det er ledig ei fast 100% stilling som fagleiar i PPT med arbeidsfelt pedagogisk-psykologisk rådgjevar/spesialpedagog.
Opplysninger avdeling
Austrheim PPT ligg underlagt rådmannen sin stab. Ein har 3 tilsette: Fagleiar, rådgjevar/spesialpedagog og logoped.
Austrheim PPT er og PPT for Fedje kommune.
Samarbeidspartnarar for PPT-tenesta vil vera mellom anna:
- To 1-10 skular i Austrheim og ein i Fedje
- To barnehagar i Austrheim og ein i Fedje
- Helseavdelinga med psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, skulelege og helsesøstre
- Barnevernstenesta med tre tilsette
Arbeidsoppgåver
- Leiing og koordinering av arbeidet i PPT
- Kartlegging og utgreiing av barn og unge
- Arbeide med sakkunnig vurderingar
- Rettleiing og arbeid med sakkunnig vurdering
- Rettleiing og rådgjeving
- Arbeide saman med skulane og barnehagane om systemutvikling
Krav til kompetanse
- Søkjer etter ein fagperson fortrinnsvis med master eller 1. og 2. avdeling spesialpedagogikk, eller tilsvarande
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid ved eit PPT- kontor og eller frå spesialpedagogisk arbeid
- Ønskjeleg med bakgrunn frå skuleverket
- Spesialpedagog med relevant arbeidserfaring frå PPT utan master/hovudfag vil bli vurdert
Personlege eigenskaper
- Du er positiv, viser gode samarbeidsevner, er fagleg engasjert og tar initiativ
- Du kan jobba sjølvstendig, likar å ta ansvar, har gode datakunnskaper og skriftleg framstillingsevner
Informasjon om stillinga
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Arbeidet medfører litt reising og du bør ha førarkort og disponere eigen bil.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å venda deg til rådmann Jan Olav Osen, tlf. 56 16 20 00 eller assisterande rådmann Olav Mongstad på telefon 56 16 20 00.
Vi kan tilby
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Eller du kan trykke på "Send søknad" knappen. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.
Om arbeidsgiveren
Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Undervisning og pedagogikk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jan Olav Osen
- Stillingstittel
- Rådmann
- Telefon
- 91 85 24 97
- Kontaktperson
- Olav Mongstad
- Stillingstittel
- Assisterende rådmann
- Telefon
- 91 37 46 96
Sætremarka 2, 5943 Austrheim