Bildegalleri
Einebustad - Tidlegare driftsbestyrarbustad for Søftestad Gruber - Bud mottatt
Nissedalsvegen 699, 3854 NissedalPris på lån: fra 5 761 kr/mnd
Eff.rente 5,97 %. 910 000 o/25 år. Kostnad: 818 300 kr. Totalt 1 728 300 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 130 m²
- Bruksareal
- 196 m²
- Byggeår
- 1939
- Energimerking
- G - Oransje
- Renovert år
- 1980
- Tomteareal
- 2 100 m² (eiet)
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Generell informasjon
Einebustaden har adresse Nissedalsvegen 699. Den har ein fredeleg, landleg og fin plassering i ein liten "huskrull" rett nedanfor Søftestad Gruver i Kyrkjebygda i Nissedal kommune.
Huset var opprinneleg ein driftsbestyrarbustad for Søftestad gruber.
Einebustaden har romslege og trivelege rom. Hagen er fint opparbeida med fleire fine uteplassar og har gjerde av smijern.
Fantastisk utsikt utover Nisser og Fjone. Eigedomen har båtfesterett ved Nisser. Nisser ligg eit steinkast unna .
Område
Historie - Søftestad Gruber A/S
Søftestad gruver var ein gong Nissedals største industriarbeidsplass. Jernmalmen som blei henta utmerka seg med veldig høg jerninnhald og eit ganske usedvanleg høgt fosforinnhald. Malmen blei frakta frå gruva med lastebil til jernbanen i Treungen, og deretter vidare til Arendal før malmen hovudsakleg havna i Tyskland. I 1957 hadde gruva 55 tilsette.
- Jørgen Jørgensen var fyrste adm. dir. frå 1916-1921 - prøvedrift
- Thomas Hammond - adm. dir frå 1938/39-1965 - gjenopna
- Jon Andreas Aamo - driftsbestyrar frå 1939-1963
- Edmund Viggo Klette - dir. frå 1961 til 1965
Nærområde
Det er ca. 2 km til Kyrkjebygda sentrum. I Kyrkjebygda er det landhandel, campingplass, kafe/ gatekjøkken med bl.a. thai-mat, barneskule, barnehage, skatepark, ballbinge, trimrom, flotte friluftsområde, turløyper, skiløyper, skisenter, fiskemoglegheitar, badeplassar og aktive lokallag/foreningar.
Her kan ein både nyte ro, natur, friluftsliv, idrett, kultur og sosiale aktivitetar.
Eigedomen passar alt frå pensjonistar til barnefamiliar.
Avstandar:
- Treungen sentrum: 17,5 km
- Kviteseid sentrum: 29,6 km
- Seljord sentrum: 52,5 km
- Skien: 113 km
- Arendal: 111,7 km
- Oslo: 230 km
Standard og innhald
Huset er godt vedlikeholdt av eigar, som har eigd huset sidan 2003.
1. etasje
Yttergangen er ljos og fin, med god plass til ytterklede og sko. Det er måla panel på veggar og himling. Det er belegg på golv.
I hallen er det trapp og inngang til stoge og kjøkken. Trappa gjeng opp til 2.etasje og ned til kjellar. Også her er det måla panel på veggar og himling. Eigar har valgt same farge på veggar og himling i yttergang, hall og gang i 2. etasje, og dette skaper eit heilt og fint inntrykk.
Takhøgda i bustaden er høgare enn standard. I tillegg til god takhøgde i stoga, er avdelingane i stoga romslege. Det er god plass til sofagrupper og spisestoge.
Veggane har triveleg panel som er måla ljost. I himlingen er det panel, også den er måla ljos. På golvet er det furuplank. Opprinneleg var den austlege delen av stoga kontor.
Det er store vindu i stoga som gjer godt ljos og fin utsikt mot hagen og Nisser.
Kjøkkenet har umåla panel på veggar og himling, og belegg på gulv. Kjøkkenet har enkel innreiing. Det er god plass til kjøkkenbord.
2. etasje
I 2. etasje er det 3 store soverom. Alle soveromma har god plass til dobbeltseng og garderobe. I to av soveromma er det måla panel på veggar og i himling, belegg og teppe på golv. Det siste soverommet har tapet og plater på vegg, takess i himling og belegg på golv. Det er skråtak i 2. etasje, men alikevel god takhøgde.
Badet har toalett, vask og badekar med dusjforheng. Badekaret er originalt. Det er fint pussa opp. Det er panelplater og flisar på vegg, belegg på golv og måla panel i tak.
Ved sidan av badet er det ein mindre bod med hylleplass, og plass til oppbevaring. I boden er sikringsskåpet. Det er nyare elektrisk anlegg og sikringsskåp.
Gangen i 2. etasje har også plass til garderobe og oppbevaring.
Kjellar
Det er kjellar under heile huset, med god plass til oppbevaring. I kjellaren er det vaskerom som også har toalett. Vaskerommet har måla betonggolv, måla flater og måla panel i tak.
Loft
Bustaden har kaldt loft, som kan nyttast til oppbevaring.
Andre bygningar
På øvre delen av eigedomen er det ein verkstad som er bygd i samanheng med ein containerverkstad. Her er det også vedskjul og ATV-garasje.
Regulering
Situasjonskart og grensebeskrivelse (skylddeling og kartskisse). Me oppfordrar interesserte å gjere seg kjent med desse opplysningane.
Eigedomen ligg utanfor regulert område.
Adkomst
Sjå kart.
Oppvarming
Elektrisitet oppvarming og vedfyring.
Parkering
På eiga tomt.
Konsesjon
Eigedomen har buplikt.
Lausøre
Diverse innbo, verktøy og anna utstyr kan følge med etter avtale.
Beskaffenhet
Tomta er ikkje oppmålt, men skylddeling m/ kartskisse er tilgjengeleg.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Advokat Inge M. Evja
Annonseinformasjon
FINN-kode | 80864421 |
---|---|
Sist endret | 16. mai 2017 06:46 |
Referanse | #Nissedal-gruva# |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.