Utløpt

Mediehuset Porten.no søker: Sals- og Marknadssjef

Arbeidsgiver
Porten AS
Stillingstittel
Sals- og Marknadssjef
Frist
26.08.2016
Ansettelsesform
Fast

Om arbeidsgiveren

Mediehuset Porten.no er ei heildigital lokalavis, med lesarar og kundar i Indre Sogn. Me er i ein spennande oppbyggingsfase, og lanserer hausten 2016 ei rekkje nye konsept for våre annonsekundar. Vårt mål er å vere ein relevant og viktig marknadsplass for kundane.
Porten.no held til i Øvre Årdal, midt mellom Bergen og Oslo, med den fantastiske naturen i Jotunheimen som næraste nabo.

Som Marknadssjef i Porten.no vil du ha stor påverknad på korleis me skal lukkast vidare med den kommersielle satsinga, og samtidig byggje vidare på vår visjon: Porten.no skal vere ein betydeleg samfunnsaktør i Indre Sogn.

Porten.no har langsiktige, engasjerte og seriøse eigarar som har langsiktige mål. Me har opparbeidd betydelege lesartal, og høg kvalitet på redaksjonelt innhald. Me har nyleg utvida nedslagsfeltet frå Årdal/Lærdal til heile Indre Sogn, og har eit stort tal lesarar i heile regionen.
At me ikkje har ei historie basert på papiravis, som dei fleste andre, gjer at me betre og meir effektivt kan utnytte dei moglegheitene digitale løysingar gjev. Me søkjer ein ny kollega som kan vere med å byggje dette vidare.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal
Bransje
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Øren
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
Vis telefonnummer

Farnesvegen 3, 6884 Øvre Årdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 80805471
Sist endret 27. sep. 2016 13:43

Rapporter annonse