Utløpt

Leiande forskingsteknikar

Arbeidsgiver
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Stillingstittel
Leiande forskingsteknikar
Frist
01.09.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI

Forskingsstasjonane innan NIBIO skal leggje til rette for at forsking og forsøk kan gjennomførast på ein best mogeleg måte. Krav til forsøksfelt, -metode og -kompetanse endrar seg, og NIBIO sine stasjonar må tilpasse seg offentlege forskingsmål og aktuelle forskingsprosjekt. Forskarar i NIBIO er organisert i fagavdelingar og ikkje under stasjonane.


NIBIO Ullensvang har ansvar for å leggje til rette for forsking knytt til konvensjonell og økologisk produksjon av frukt og bær. Stasjonen har fire fast tilsette i tillegg til stasjonsleiar. Det er fem forskarar på stasjonen, og stasjonen har også oppdrag frå forskarar frå andre delar av NIBIO. NIBIO Ullensvang har tradisjon for å samarbeide med forskarar frå fleire land, og for å tilby norske og utanlandske studentar opphald og arbeid i kortare periodar.


NIBIO Ullensvang har som mål å tilby forskingstenester innan kjemisk og biologisk analyse, forskingstenester knytt til feltforsøk og tilby tenester knytt til undervisning på høgskule- og universitetsnivå.
NIBIO Ullensvang har ledig 50 % stilling som leiande forskingsteknikar.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil innehalde ansvar for feltforsøksverksemda, arbeidsleiing og forskingstekniske oppgåver. Det vil bli lagt vekt på praktisk erfaring frå fruktproduksjon, god kjennskap til forskingsmetodikk og gode leiarevner.


Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan stasjonen sine forskingsområde, til dømes vidaregående utdanning frå landbruk/gartnarskule eller tilsvarande, eller relevant utdanning frå universitet/høgskule og som har erfaring med fruktdyrking
  • Gjerne erfaring med forskings-/utviklingsprosjekt, feltforsøk eller frå rådgjeving innan fagområdet
  • Erfaring med arbeidsleiing 
  • Praktisk erfaring frå fruktproduksjon og bruk av traktor med utstyr er ein fordel
  • Norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse BE

Personlege eigenskapar

  • Interesse og kreativitet i forhold til forsking/utvikling og næring 
  • Ansvarsfull, målretta og initiativrik
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna i det statlege lønnsregulativet som leiande forskingsteknikar kode 1514, lønssteg 41-51 (kr 376.900 - 442.000 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.

Generelle opplysingar

  • Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • NIBIO er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verta gjort kjent offentleg, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan oppmoda om å verta unnateken frå oppføring på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktpersonar:

Stasjonsleiar NIBIO Ullensvang, Gunnhild Jaastad, tlf 959 02 678, eller eigedomsleiar Ingvar Hage, tlf 917 79 022.

 

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillingen"
Vitnemål og attestar kan takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Dersom du har problem med utfylling av elektronisk søknad, kontakt kundeservice hos Jobbnorge på kundeservice@jobbnorge.no eller ring telefonnummer 75 54 22 20.

Om arbeidsgiveren

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vart oppretta 1. juli 2015 og er eit av Noregs største forskingsinstitutt. NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

Sektor
Offentlig
Sted
Lofthus, 5781 Lofthus
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Teknisk personell
Følg firma
918 følger dette firmaet

Lofthus, 5781 Lofthus

Annonseinformasjon

FINN-kode 80802499
Sist endret 16. aug. 2016 12:39

Rapporter annonse