Utløpt

Planleggjar 100% fast

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Planleggjar
Frist
18.09.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Kort om stillinga
Osterøy kommune står framfor ei utfordrande og spanande utvikling og søkjer ein dyktig og engasjert ny kollega til 100% stilling ved Seksjon for Plan, ei sentral og strategisk avdeling i kommunen. Oppstart i stillinga etter avtale.
Seksjon for plan

Planavdelinga sitt ansvarsområde omfattar mellom anna overordna planarbeid, analyse, samfunnsplanlegging, utarbeiding og oppfølging av offentlege reguleringsplanar, handsaming av private reguleringsforslag, mm. Ei viktig oppgåve som ligg til avdelinga er medverknad i prosessar knytt til prosjekt og utvikling av kommunen. Dette kan vere planprosessar eller andre prosessar som krev koordinering, tverrfagleg samarbeid, samkjøring av informasjon osv. Vi jobbar tett på innbyggjarar, organisasjons- og næringsliv og folkevalde i mange av desse prosessane. I det komande året skal planavdelinga utarbeide mellom anna områderegulering for kommunesenteret, Lonevåg. Kommunen er også i gang med arbeidet med revidering av samfunnsdelen til kommuneplanen og utarbeiding av ny sjø- og strandsoneplan -spanande arbeid og prosessar å ta del i.

Sjå heimesidene til kommunen under www.osteroy.kommune.no/plan for meir info om Seksjon for plan og pågåande arbeid.

Arbeidsoppgåver
I hovudsak vil stillinga ha arbeidsoppgåver knytt til fysisk planlegging. Handsaming av private planar er ein stor del av dette men oppgåvene vil også innebere til dømes å utarbeide kommune(del)planar og reguleringsplanar, moglegheitsstudier, stadanalyser, landskapsanalyse, osv.

Kompetanse
Er du den rette for oss?
Planavdelinga har som mål å bidra til å gjere Osterøy den beste berekraftige kommunen å leve i. Vi søkjer deg som vil bruke deg sjølv og kompetansen din til å jobbe for dette og som vil være med på å utvikle Osterøy kommune
vidare. Du må like teamarbeid og prosessar, kunne forholde deg til store mengder informasjon og kunne jobbe strukturert. Vi meiner god landskapsforståelse og interesse for og kompetanse innan berekraftig tettstad- og samfunnsutvikling er viktig. Kompetanse innan digitale verktøy for utarbeiding av til dømes (plan)kart og 3Dvisualisering er ønskeleg.

Vi ønskjer oss ein engasjert medarbeidar
- med høgare utdanning
- høvesvis med relevant utdanning knytt til fysisk planlegging som til dømes arkitekt, urban design, arealplanlegging
- med erfaring frå fysisk planlegging
- med god kjennskap til plan- og bygningslova
- med prosesskunnskap
- som har gode analytisk evner og god rolleforståing
- som er god til å kommunisere og formidle
- som kan arbeide sjølvstendig og har god samarbeidsevne
- som er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- som kan jobbe effektivt med fleire prosjekt samtidig
- med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- med stor interesse for by- og tettstadutvikling
- med god kjennskap til IT- og kartverkty
- som ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom medverknad og ansvar

Erfaring frå eigne og / eller større prosjektarbeid er ein fordel. Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt er det viktig med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar
- engasjert
- sjølvstendig
- like teamarbeid / gode samarbeidsevner
- gjennomføringsevne
- løysingsorientert
- strukturert
- må kunne håndtere storemengder informasjon

Vi tilbyr
- Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Bratt læringskurve
- fleksible arbeidstilhøve
- Tilsetjing på kommunale vilkår med offentleg tenestepensjonsordning
- Løn etter avtale

Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf. 56 19 21 00.

Intervju vil bli gjennomført i veke 39 og 40.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og nærmar seg 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Lonevåg, 5282 Lonevåg
Bransje
Offentlig administrasjon,
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Planlegger

Nøkkelord

planlegger, planleggjar, arkitekt, samfunnsutvikling, plan

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Laura Ve
Stillingstittel
Seksjonsleiar Plan
Telefon
56 19 21 73
40 91 20 85
Følg firma
176 følger dette firmaet

Lonevåg, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 80562348
Sist endret 8. sep. 2016 08:56

Rapporter annonse