Bibliotekfullmektig, Hå folkebibliotek
- Arbeidsgiver
- Hå kommune
- Stillingstittel
- Bibliotekfullmektig
- Frist
- 14.08.2016
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse: Tenesteområdet opplæring og kultur ved Hå folkebibliotek:
Det er ledig 2 faste stillingar som bibliotekarfullmektig ved Hå folkebibliotek for tiltreding snarast; 30% (11,25 t/veka) for tida ved Vigrestad filial og 13,33% (5 t/veka) for tida ved Ogna filial.
Stillingane kan kombinerast, dersom vedkomande ønskjar å jobbe ettermiddagar (ca kl 14 - 19).
Kvelds- og lørdagsvakter inngår i stillinga på Vigrestad. I stillinga på Ogna inngår ein kveld pr. veke.
Det er også av interesse å bruke dei som vert tilsett som vikar på alle avdelingane.
Arbeidsoppgåver: Publikumsretta arbeid, klargjering av materiale til utlån, andre bibliotekrelaterte oppgåver.
Kompetansekrav: Fullført og bestått videregåande skule, gode litteratur- og allmennkunnskapar, god til å bruke dataverktøy til å søkje.
Det vert lagt vekt på erfaring frå arbeid ved bibliotek.
Personlege eigenskapar: Sjølvstendig, kunne samarbeida og kommunisera med andre, endringsvillig, serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.
Om arbeidsgiveren
Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Dalvegen 15, 4365 Nærbø
- Bransje
- Arkiv og bibliotek
- Stillingsfunksjon
- Arkivar og bibliotekar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Elin Bekkebråten Sjølie
- Stillingstittel
- Biblioteksjef
- Telefon
- 51 43 40 11
Dalvegen 15, 4365 Nærbø